Store kommunar som Kristiansand har og innsett dette og har begynt å tenke på bydelsutval eller grendeutval.

I Agder finst dei nemnde tenestene i alle kommunar, bortsett frå Hægebostad og Audnedal som har eit samarbeid om felles ungdomsskule.Men då samanslåing av desse to kom på tale, blanda Fylkesmannen i Vest-Agder seg inn og slo fast at dette ville bli ein altfor liten kommune! Stortinget meinte jo at kommunane på fritt grunnlag skulle drøfte samanslåing, men i folkeavstemninga etter komande helg får ikkje audnedølane andre alternativ enn å seie ja eller nei til Audnedal + Lyngdal + Hægebostad. Etter regjeringas nye framlegg om kommunefinansiering blir og folk skremde med at ein mindre kommune vil kunne miste mykje av det noverande statstilskottet og dermed tenestetilbodet.

Audnedal på topp

Eg har jobba mykje i Åseral, Audnedal og Hægebostad dei siste ti åra og er imponert over den flotte styringa av desse kommunane, både administrativt og politisk. I 2011 kom Audnedal heilt på topp av Kommunebarometeret. «Kommunal Rapport» konkluderte slik: «Den vesle treindustrikommunen kan vise til ei rekkje gode resultat — særleg innan pleie og omsorg og barnehage. Kommunen har høgt utdanna personale, god økonomi og rask sakshandsaming». Kommunen får og skryt for eit godt vidareutdanningsfond og for å haheile sju lærlingar. Rådmann Kjell Olav Hæåk understrekar i bladet det positive med å ha korte liner frå politikarar og administrasjonut til dei tilsette og innbyggarane.

Men kva med alle oppgåvene som kommunane er for små til? Brannvern, renovasjon, legevakt, akuttsenger, psykologteneste, ergoterapi, regionplanlegging? Desse felta blir no godt dekte gjennom samarbeid med andre kommunar, men det ville sjølvsagt verebra om ein fekk direkte folkevald styring på desse områda og. Fylkeskommunane heng no i ein tynn tråd, dei har mest ikkje oppgåver att, regjeringspartiavil helst legge dei ned og kommunar forhandlar på tvers av fylkesgrensene (jfr. Kristiansand/Lillesand).

Indre Agder fylke

Bykle, Valle og Åseral har sagt nei til kommunesamanslåing, men kva om ein gjekk saman med dei i eit krav om forsøk med eit nytt fylkessystemogoppretting av «Indre Agder fylke» (med Evje somnaturleg senter)? Eit slikt fylke måtte då ta seg av deiinterkommunale selskapa i tillegg til noverande oppgåver som vidaregåande skular og tannhelse. Tilsvarende fylke kunne ein få i Kristiansands-området (og då få med elles uvillige Vennesla) og Arendals-området(med også skeptiske Grimstad og Froland). Då hadde regjeringa fått på plass «robuste» folkevalde organ til å ta seg av regionale oppgåver (og slepp vidare kamp for å legge ned fylkeskommunen),og einkunne halde på alle kvalitetane som mindre kommunar er velsigna med..

Det er viktig at innbyggarane i dei komande folkeavstemninganeikkje stemmer etter diktat frå fylkesmanneneller på bakgrunn av økonomiske skremslar eller knappe tidsfristar, men etter kva slags kommune dei vilbu i. Om dei stemmer nei til det framlegget som no ligg føre, finst det mange gode alternativsom ein kan drøfte i ro og maki tida framover.