Elevar som skal vidare frå vidaregåande skule til fag som juss og medisin, møter eit veldig høgt karakterkrav. Matematikken trekker ofte karaktersnittet svært mykje ned, og det blir ein akilleshæl for mange.

Skal elevane i den vidaregåande skulen ikkje ha matematikk i det heile? Sjølvsagt skal dei det — dei skal framleis lære om kjende matematikarar, og dei skal høyre og lese mykje matematikk. Elevane bør altså også i framtida få sjansen til å la seg begeistre av matematikken sitt klare språk og den estetiske opplevinga det til dømes er å lese løysinga på ei tredjegradslikning. Som filosofen Bertrand Russell seier det: Matematikken står ikkje berre for sanninga, men òg for den høgste forma for venleik.

Dei færraste av elevane vil seinare komme i ein jobb der dei vil måtte praktisere matematiske reglar og formlar. Så kva ventar vi på? Og kva for eit politisk parti grip denne saka?