Arne Tveit Katla

Sjølv om fjoråret ikkje var tipp-topp verken heime eller borte, blei det likevel casha inn ein del viktige trepoengarar på stadion. I år har det vore langt mellom sigrane. Tre sigrar er den fattige fasiten, og det som er like trist er at prestasjonane har vore ganske labre.

Underhaldningsverdien i heimekampane har stort sett vore ganske låg, og slikt er egna til bekymring. Skal Haugesund trekka folk til kampane, må dei visa spel som underheld og begeistrar.

Tippeliga åleine trekk ikkje så mykje ekstra lenger, seks sesongar der oppe har gjort dette til kvardag for den jevne mann i gata. Og klubben er avhengige av at fleire enn oss blodfans møter opp på stadion annankvar helg.

Men heldigvis er sesongen berga i land ved hjelp av fleire sigrar på bortebane. Klart me i nokre av desse kampane har hatt marginar med oss, men likevel er det viktig at Haugesund fortset med å kunne dra inn tre poeng sjølv om ein har kryssa kommunegrensa.

Grunnen til at laget har gått frå å vera eit sterkt heimelag til å bli eit bortelag, er nok litt delt. Dels veit alle klubbar betre og betre korleis Haugesund må møtast på heimebane, og klarar å setje opp eit motspel til det.

I tillegg har nok Haugesund hatt vel høge skuldre heime i år, skuldre som dei verkar til å ha fått senka litt når dei dreg bort.

Og for det tredje har laget variert veldig i prestasjonane i år, ein har gått frå bra den eine helga til svakt den neste helga.

Dersom ein klarer å bli meir stabile neste år, vil nok laget både vera i stand til å begeistra meir heime og kunne kjempa høgare på tabellen.

Nå er det først å håpa at laget kan begeistra og vinna i sine siste tre heimekampar. Tre poeng mot Mr. Fagermo og hans menn på søndag ville vore ein god start på dette.

Les flere supporterblogger her: