– Psykologisk viktig, seier Karl Oskar Emberland.

Haugesund hadde ikkje tapt på heimebane denne sesongen før Sogndal vann på Haugesund stadion onsdag, og gjekk vidare til åttedelsfinalen i cupen.

To mål av Tarjei Dale i første omgang – begge servert av Henrik Furebotn – var nok til at Sogndal vann. I andre omgang var Haugesund det klart beste laget, men dei kvite og blå kom aldri lenger enn til ei redusering ved Thomas Sørum i det 73. minutt.

– Haugesund var eit tøft lag å spela mot, men me var heldige og fekk sigeren me håpte på. Me hadde marginane med oss. For første gong i år, og det er viktig å sjå at me kan ha det også av og til, seier Karl Oskar Emberland, Sogndals trenar.

– Eg opplevde kampen slik at me var best i første omgang, men Haugesund var klart best i den andre. Eg er veldig glad for at dei ikkje fekk ei utlikning. Då trur eg me hadde tapt, seier målscorar Dale.

Imponert over Haugesunds ressursar

Sogndal er som kjent på toppen av 1. divisjon. Haugesund er nummer tre, berre fem poeng bak, men med ein kamp mindre spela.

– Absolutt psykologisk viktig for oss å vinna denne kampen, seier Emberland.

– Viktig med tanke på serien å vinna denne kampen. Sjølv om dei spela oss ut i andre omgang har me no eit lite overtak på Haugesund , samstemmer Tarjei Dale.

At Haugesund rykkjer opp til eliteserien denne sesongen, vil ikkje gi så alt for høge odds hos speleselskapa. Emberland, som er frå Haugesund, seier laget har prioritert anleis enn til dømes Sogndal.

– Haugesund har ikkje investert i stadionanlegg dei siste åra, slik til dømes Sogndal har gjort – og mange andre. Det har medført at dei har hatt godt med ressursar til å investera i spelarstallen. Dei kan forsterka også no i sommar. Det er ikkje mange lag som kan gjera det, seier Sogndal-trenaren.

At Sogndal i går tok sin sjuande siger på rad, er Emberland godt nøgd med.

– Det betyr mykje for oss å halda oppe flyten me er i. Spesielt mot Haugesund som er det beste laget me har spela mot denne sesongen.

– Men eg veit at gutane kan betre enn dette, og det håpar eg dei viser framover. Allereie mot Bryne søndag, seir Emberland.

Liknar på Sogndal

Tarjei Dale meiner Sogndal og Haugesund minner om kvarandre i spelestilen.

– Haugesund er det beste laget me har spelt mot i år. Dei spelar god fotball, slik me har gjort i det siste, og det er kjekt å sjå at det betalar seg å spela langs bakken , seier Dale.

Telemarkingen scora 1-0 med foten – eit typisk spiss-mål der han var på rett stad til rett tid. 2-0-scoringa er han meir stolt over. Begge måla var servert av Henrik Furebotn.

– På 2-0 fekk eg eit innlegg frå Henrik, kom på første og heada det inn. Det var eit ganske fint angrep. Eg har fått fleire assists frå Henrik denne sesongen. Han er fin der, seier Dale.

Han har gjort spissplassen i Sogndals 4-2-3-1-formasjon til sin i det siste, og med åtte mål så langt i sesongen, har han ikkje tenkt å gi den lett frå seg.

– Når du får tillit over tid slik eg har fått ei stund no, er det viktig for ein spelar. Det har vore godt å levera i form av mål, for når du er spiss, så må du scora. Dersom du ikkje gjer det, så vert det pepar. Du er aldri betre enn din siste kamp, seier Dale.

Den haldninga håpar han laget også klarar å ha i tida som kjem. Det er naudsynt for at Sogndal skal vera eit eliteserielag i 2010, trur Dale.

– No er me veldig i flyten, men heldigvis ser det ikkje ut som om me har gått i den fella der me trur at alt går av seg sjølv. Det vert viktig framover å nullstilla til kvar kamp.

Haugesund – Sogndal

Haugesund Stadion, 3. runde NM

MÅL: 0–1 Tarjei Dale (26.), 0–2 Dale (38.), 1–2 Thomas Sørum (73.)

TILSKODARAR: 1227

DOMMAR: Jan Morten Tennøy, Nore Neset

GULT KORT: Dag Roar Ørsal, Haugesund. Ahyee Aye Elvis, Sogndal.

SOGNDAL (4-2-3-1): Piotr Leciejewski – Lukaz Nadolski, Morten Christensen, Daniel Lubieniecki, Ahyee Aye Elvis – Rune Bolseth (Valtter Laaksonen 85.), Anders Stadheim – Henrik Furebotn, Espen Olsen (Ulrik Flo 59.), Per Egil Flo (Jon Midttun Lie 77.) – Tarjei Dale