Og dei som ikkje var gode nok, ville ho sei opp. Ho spurte skuledirektøren om det var mogeleg. Han sa at det ville være vanskeleg, lærarne har eit godt stillingsvern. Det blei også sagt at lærarane måtte tåle å bli testa, dei som stadig testar elevane.

Men det er ein stor forskjell; leiaren i oppvekststyret vil testa for å finne ut om kven som skulle seiast opp, mens lærarene tester elevane for å finne ut kven som treng hjelp.

Eg kan gjeve leiaren av oppvekststyret eit råd, hvis du vil teste lærarane, må det vera for å finne ut om det er nokon som treng hjelp. Kanskje ein kunne legge opp til eit system der lærarar som meiner dei trenger hjelp, kan henvende seg til skuledirektøren og be om hjelp, og skuledirektøren kan straks ha gode hjelpare til disposisjon.