Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket om parkeringsanlegg under torget, er eit studium verdt. Du skal leite lenge for å finne eit einaste argument som talar for bygging av dette anlegget. Like vel har fleirtalet i bystyret bestemt seg for å forsere byggestart av frykt for at folk skal få seie si meining om saka i kommunevalet.

Fagetaten i kommunen har lagt fram solid dokumentasjon på at vi har stor overkapasitet på parkeringsplassar i sentrum, og den er aukande på grunn av vellukka tiltak for å redusere privatbilismen. I Gyldengården og Slottet er det til ei kvar til 200 ledige parkeringsplassar, får vi opplyst.

Du skal leite lenge for å finne eit einaste argument som talar for bygging av dette anlegget. Det nye, private parkeringshuset under torget har gunstig plassering og vil tappe dei kommunale parkeringshusa for store inntekter, truleg opp mot 4 millionar kroner pr år. I tillegg skal kommunen ut med 17 millionar kroner i støtte til det nye parkeringsanlegget. Som kompensasjon for desse utgiftene og for å få tilgang til byens mest sentrale tomt, skal kommunen få ei krone i året i festeavgift.

Bystyret sa nei til å bygge parkeringsanlegg under torget i kommunal regi. Men det stoppa ikkje tilhengarane av prosjektet. Kommunen tar no store kostnader for å legge til rette for at private kan gjennomføre prosjektet — eit prosjekt som strir i mot vedtatte målsetningar om å redusere privatbilismen og legge til rette for at kollektivtransporten blir meir konkurransedyktig. I avtalen med utbyggarane har ikkje kommunen lagt ei einaste føringar som kan hindre at det private parkeringsanlegget undergrev den kommunale parkeringspolitikken.

Etter å ha leita i saksframlegg og planar fant eg til slutt eitt argument for å bygge parkeringsanlegget. I Kvadraturplanen blir det hevda at det har stor symbolverdi å kunne køyre rett inn i hjarte av kvadraturen. Men stopp litt. Det er kanskje grunn til å spørre kva vi signaliserer når vi lar privatbilen få storstova i byen. Kva er symbolverdien av å la private aktørar rive ned det kommunen har oppnådd i arbeidet for ein meir miljøvennleg lokaltrafikk? Kva meiner miljøvernministeren om ei slik prioritering?Det er ikkje første gang vi har diskutert parkeringshus under torget i Kristiansand. SV fronta den same kampen på slutten av åttitalet. Den gangen vant miljøargumenta og respekten for dei historiske verdiane på torget og i parken, og prosjektet blei skrinlagt. Dei same argumenta er minst like aktuelle i dag, og dei har brei støtte blant folk i byen. Det er absolutt ingen grunn til å forsere dette prosjektet for å hindre at folk får sagt si meining i val.