Den viser at regulering av talet på parkeringsplassar og prispolitikk for parkering er sentrale verkemiddel for å redusere privatbilismen og få folk til å ta buss eller gå og sykle. No er Kristiansand i ferd med å gi i frå seg dette verkemiddelet for 25 eller 50 år.

Mindre attraktiv

I følgje rapporten frå Urbanet analyse har Kristiansand i dag fleire parkeringsplassar og lågare parkeringskostnader enn andre storbyar. Det gjer kollektivtransporten mindre attraktiv enn privatbilen. Med nytt privat parkeringshus under torget går vi eit nytt sjumilssteg i gal retning. Parkeringsanlegget er i strid med målsettinga om å ta all trafikkveksten i byar med kollektivtransport, sykkel og gange. Kan vi samtidig vente å få belønningsmidlar frå regjeringa til ny offensiv satsing på kollektivtransport?

Kommunen subsidierer no private aktører med mange millioner kroner for at de skal bygge parkeringshus med 400 nye parkeringsplassar under torget. I avtalen mellom kommunen og utbyggarane står det ingen ting om parkering som trafikkreguleringstiltak. Tvert i mot står det at det skal vere «publikumsvennlege prisar». Med andre ord subsidierer kommunen private for at dei skal lokke fleire privatbilar til sentrum og konkurrere ut bussen.

Ambisiøs plan

I desse dagar arbeider Kristiansand og Vest-Agder med ein ambisiøs plan for kollektivtransport. Det blir satsa offensivt for å få ein rimeleg del av dei nasjonale kollektivmidlane til Kristiansandsregionen. Parkeringshuset under torget undergrev denne satsinga. Spørsmålet er om vi då kan rekne med å få topp utteljing til kollektivsatsinga.