Når rasar debatten om kyrkja skal vigsle likekjønna personar. Om 50 år er denne debatten gløymt, trur eg. Årsaka er at gjennom historia, har også kyrkja endra si haldning på mange områder.

Alle barn som vart døypte, vart skrivne inne i kyrkjeboka. For 100 år sidan skreiv ein ekte barn, når foreldra var ugifte og uekte når foreldra ikkje var gifte.

Lik arverett

Er ikkje alle barn ekte? Kva dei gjer i dag veit eg ikkje. Me fekk nye barnelovar rundt 1920. Etter dei lovane hadde alle barn lik arverett. Dei konservative i kyrkja protesterte mot dette. Argumentet deira var at etter den nye lova ville ein få mange fleire uekte barn. Lovene opp fordra folk til sedløyse.

Rundt 1910 fekk ein hard strid rundt temaet liberale prestar. Mange menigheter nekta liberale prestar å preika i kyrkjene deira. Framleis går debatten om kor liberal ein prest kan vere og kor han kan få arbeid.

I 1953 fekk med debatten om Helvete. Ole Hallesby sa at trudde ein ikkje, for ein rett ned i Helvete. Den liberale biskopen, Kristian Schjelderup, tok til motmæle. Han sa «at Kristi evangelium er kjærligheten evangelium». Korleis debatten om Helvete er i dag, veit eg ikkje.

I 1961 ordinerte Schjelderup den første kvinna, Ingrid Bjerkås, til prest. Sia den tida har det vore strid om kvinner har rett til å vere prestar, men om få år kjem denne debatten til å døy ut.

På vikande front

Det høyrer med til historia om Schjelderup at han som pensjonist, vart nekta å preike i Oddernes kyrkje.

Går me til 1970 åra, rasar striden om skilde personar skulle får vigsel i kyrkja. Den striden er slutt nå i dag.

I dag står striden om likekjønna skal får vigsel i kyrkja. Kyrkja er på vikande front. Haldningane til homofile har endra seg svært dei siste ti-åra. Unge menneskje skjønar lite og inkje av denne striden.

Men ein ting har gått under radaren til kyrkjefolket. Det er einsleg menneskje, pensjonistar som lever i «synd». Ei av årsakene til det er at giftar dei seg, får dei lågare, avkorta pensjon. Og her sakna eg eit klart politisk standpunkt frå KrF. Dei burde løyve pengar slik at gamle menneskje slapp «synda».

Kyrkja vår burde har ei sterkare tru på Gud og nåden. Då hadde kyrkja sloppe å vere redd for naturlege endringa i samfunnet.