«Er det riktig at en skole skal drive med vranglære?» Men ein del av oss andre har større problem med den moderne konstruksjonen «million og milliard». Fysikaren Richard Feynman har sagt om «tid», at det var noko Gud fann opp for å unngå at alt skjer på ein gong. Gud har ikkje bruk for «tid» for å skape. Gud kan vel ikkje ha «god» eller «dårleg tid»?

Nye tankar og perspektiv

Er det så farleg med litt vranglære? Har vi ikkje alle godt av å bryne oss på nye tankar og perspektiv? På 1600-talet var det vitenskapleg konsensus å tru på det geosentriske verdensbildet, også blant kirkas menn. For tretti år sidan frykta «vitenskapen» ei ny istid. I dag er det global

oppvarming som er i fokus. På nitti-talet vart det hevda at universet er 15-20 milliardar år gammalt. I dag er det visstnok 13,7 milliard som er alderen. Hubblekonstanten viser seg å ikkje vere så konstant likevel. Kvifor ikkje tru på ein Skapar som ikkje er bunden av tid og rom, men som kan gjere vatn til førsteklasses vin på ein augneblink? Tid er relativt. Kvifor valde forresten Gud å bruke så lang tid som seks dagar på å skape universet?

Kritisk refleksjon

I den generelle del av læreplan for skuleverket står det under avsnittet «Vitenskapelig arbeidsmåte og den aktive elev» at det er viktig å lære dei unge opp i kritisk refleksjon ved at dei ikkje oppfattar vitenskap og teori som evige og absolutte sannheter , men at etablerte tankebygninger kan stenge for ny innsikt . Både offentlege og private skular bør oppmuntre til meiningsbryting og kverking av heilage kyr. Dagens unge bør etter mitt syn oppmuntrast til å setje spørsmålsteikn ved det naturalistiske verdensbildet som gjennomsyrer lærebøker og granske Bibelen som er den beste skriftlege kjelde for å finne ut av korleis ting heng sammen, og kva som er meininga med det heile. Skulens læreverk må reviderast kvart tiande år, men den eldgamle boka er derimot konstant, aktuell, forståeleg og presis.

Evolusjonsteorien

I følgje den kanadiske evolusjonsfilosofen Michael Ruse, har evolusjonsteorien blitt religion (secular religion). Mens Bibelen fullt og heilt er til å stole på, er den sekulære tidslinja reinhekla spekulasjon, utan historisk forankring. Dogmet om evolusjonen har blitt akademisk mote og hypa opp til «Vitenskap». Men kanskje det går som den engelske journalisten og kulturkritikaren Malcolm Muggeridge spådde i boka «The end of christendom » (1980) at i framtidige historiebøker blir evolusjonsteorien sett på som ein vits («one of the great jokes in the history books of the future»). Blir ikkje alt meir moro om kjettarane kan utfordre oss med gjennomtenkt vranglære?