1198330.jpg Foto: Arild Jakobsen

Er det ikkje Guds ord og evangeliets bodskap?

Kyrkja bør føre ein klar tale i forkynninga, også om ekteskap og samliv. Jesus seier sjølv i Matteus ev. kap. 5 v. 37: La talen dykkar vere ja, ja, og nei, nei. Når Bibelen klart forbyr sex mellom to av same kjønn og klart stemplar det som grov synd både i det gamle testamente i Bibelen og i det nye testamente, skal då prestane gå beint imot dette og velsigne synda?

Bibelen er for kristne ei heilag bok, og kan ikkje på ein lettvint måte omskrivast og tolkast etter det som passar oss best.