Ole Amund Sveen har vore ein av Hødds beste spelarar denne sesongen, men no forlet han klubben som bosmanspelar. Slik Sunnmørsposten forstår det, er det Sogndal som blir 25-åringens neste klubb.

— Det ønskjer eg ikkje å kommentere. Det må du ta med Sogndal, seier han til smp.no.

Sunnmørsposten har ikkje lukkast å få ein kommentar frå sportsleg leiar Håvard Flo i Sogndal.

Hødd-trenar Sindre Eid, som snart gir seg som trenar, kjende ikkje til at Sveen var på veg til klubben som enda på 1. plass i 1.-divisjon denne sesongen.

Men klubben skal ha vore kjent med at 25-åringen hadde snakka med andre klubbar.