Hødd hamna for alvor tilbake i play-off-kampen etter den solide bortesigeren mot Fredrikstad for ei veke sidan. Status før dagens runde er at det skil berre tre poeng mellom 3. og 7. plass i årets 1. divisjon. Både Ranheim og Jerv vann sine kampar sist helg, mens Sandnes Ulf og Kristiansund tapte sine. Det betyr at det framleis er heilt heilt ope i kampen om å ikkje hamne utanfor kvalik-plass.

Men Hødd skal til Bergen og møte Brann i siste kamp, så dagens kamp mot Strømmen blir svært viktig om Hødd skal føle seg litt trygg før avslutningshelga.

God statistikk på heimebane

Hødd har ikkje tapt mot Strømmen i dei fire siste ligaoppgjera på Høddvoll. Tre sigrar og ein uavgjort har det blitt sidan 2011. Uavgjort-resultatet kom i fjorårssesongen, då det enda 1-1 etter scoringar av Fredrik Aursnes og Mustapha Achrifi. I det tilsvarande oppgjeret på Strømmen Stadion blei det 4-1-siger til Strømmen.

Strømmen såg lenge ut til å klare å halde seg unna nedrykkssumpa i årets sesong, men ein forferdeleg haustsesong, med éin siger på dei siste ti kampane, har gjort at Skedsmo-laget plutseleg er i trøbbel. Strømmen ligg før kampen på 10. plass, med berre to poeng ned til Bærum som ligg på den siste nedrykksplassen.

Gjer berre eitt byte

Hødd-trenar Sindre Eid gjer berre det eine bytet på keeperplass til dagens kamp. Ole-Monrad Alme, som leverte ein svært god kamp mot Fredrikstad i Falchs skadefråvær, er tilbake på benken. Inn kjem Aslak Falch, som forhåpentlegvis er kvitt ryggplagane som sette han ut av spel mot Østfold-laget sist helg.

Dette betyr at Magnus Myklebust får fornya tillit på topp for Ulsteinvik-laget. Han viste seg tilliten verdig sist helg, då han både scora og la opp til eitt mål for blåtrøyene. No blir det spanande å sjå om han gjenskape noko av det same på heimebane i dag.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Vegard Heltne – Torbjørn Kallevåg, Joakim Wrele, Fredrik Aursnes – Ole Amund Sveen, Magnus Myklebust, Eirik Ulland Andersen

Benken: Ole-Monrad Alme, Christoffer Aasbak, Erik Sandal, Joachim Magnussen, Michael Karlsen, Robin Shroot, Sondre Beite