Hødd-keeperen har slite med smerter i ryggen den siste tida, og blei ikkje klar til kveldens kamp. Det er dårleg nytt for Hødd, som er avhengige av siger i kveld om play-off framleis skal ligge i deira eigne hender.

For etter tap mot Nest-Sotra på bortebane og Hønefoss på heimebane onsdag, er Hødd plutseleg i utfordrarposisjon til å komme blant dei seks beste laga. Tidlegare i dag vann nemleg Jerv 3-0 heime mot Nest-Sotra, mens Ranheim slo Strømmen 4-2 på bortebane. Det betyr at Hødd utan siger i dag vil ligge på 7. plass – plassen bak den viktige kvalifiseringa.

Sterkt heimelag

Fredrikstad har berre tapt éin heimekamp denne sesongen. Det var i 1-4-tapet mot Kristiansund i 9. serierunde. Sidan har det blitt tre sigrar og fem uavgjorte på østfoldingane på Fredrikstad stadion. Og også dei treng poeng. For med tre serierundar igjen kan Fredrikstad framleis rykke ned, men vil med siger mot Hødd i kveld på langt veg «sikre» ny plass i 1. divisjon.

Også Hødd har slite på Fredrikstad stadion dei siste to sesongane. Både i fjor og i 2013 blei det tap for Ulsteinvik-laget i «Plankebyen».

På heimebane enda det 1-1 mellom laga i vår då nye Høddvoll offisielt blei opna i 2. serierunde. I 2014 blei det Hødd-siger 2-0 etter scoringar av Victor Grodås og Robin Shroot.

Prøver ny mann på topp

Ole-Monrad Alme tek plass mellom stengene for Hødd i Falchs skadefråvær. I tillegg startar Hødd-trenar Sindre Eid med Magnus Myklebust som spiss for første gong i år. Det betyr at Joachim Magnussen, Michael Karlsen og Robin Shroot alle blir fraka til fordel for mannen som har spelt på kanten stort sett heile sesongen i år.

I tillegg kjem Fredrik Aursnes og Ole Amund Sveen inn i Hødd-laget etter å ha stått over mot Hønefoss grunna suspensjon. Sveen tek plass på høgrekanten, mens Aursnes går ned sentralt på midtbanen.

Hødd (4-3-3): Ole-Monrad Alme – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Vegard Heltne – Torbjørn Kallevåg, Joakim Wrele, Fredrik Aursnes – Ole Amund Sveen, Magnus Myklebust, Eirik Ulland Andersen

Benken: Jan-Lennnart Urke, Christoffer Aasbak, Erik Sandal, Joachim Magnussen, Michael Karlsen, Robin Shroot

Fredrikstad (4-2-3-1): Håvar Jenssen – Netan Sansara, John Straith, Loic Abenzoar, Simen Rafn – Roger Risholt, Amin Nazari – Andreas Aalbu, Tim Andre Nilsen, Ludvig Begby – Henrik Kjelsrud Johansen

Benken: Alexander Vangen, Johan Hammar, Steffen Nystrøm, Julius Adaramola, Kenneth Di Vita Jensen, Sulayman Jobarteh, Filip Westgaard