Kristiansund — Hødd 2-1

– Eit forferdeleg unødvendig tap. Me er best spelemessig, har flest sjansar, men samtidig slepp me inn to mål som gjer at me tapar kampen. Det er unødvendig å ikkje vinna denne kampen her, seier Eid til smp.no.

Etter ein svak førsteomgang for Hødds del, løfta Sindre Eids lag seg stort i andre omgang. Ulsteinvik-laget hadde sjansar nok til å få med seg alle tre poenga frå oppgjeret, men det ville seg ikkje føre mål for Hødd-laget.

SKUFFA: Hødd-trenar Sindre Eid (arkivfoto). Foto: Alexander Worren

Hødd-kaptein Jesper Törnqvist synest også dei hadde fortent få med seg poeng frå nordmøre.– Slik me står opp i andre omgang viser me at me er heilt på høgde, om ikkje betre, enn Kristiansund. Då er det frykteleg keisamt at me roter det til for oss sjølve med dei to måla i første omgang, seier kapteinen.

Har trent godt i ferien

Hødd-sjef Eid tek likevel med seg noko positivt frå kampen mot Kristiansund inn mot haustsesongen.

– Me har gjort ein god jobb i ferien, og blir berre betre og betre utover i kampen i dag. Og det er spelarar som står veldig fram i andre omgang. Så får me prøva å gløyme dette tapet fort og ta med oss desse positive tinga vidare, seier han.

Törnqvist synest laget viste styrke etter kvilen.

– Eg er stolt av det me gjer i andre omgang. Me er nære på å utlikna fleire gonger. Me hadde fortent meir frå denne kampen etter den andreomgangen.

– Tabellen vil svinge

Kristiansund gjekk med sigeren heilt opp i ryggen på Hødd på tabellen. No skil det berre eitt poeng mellom dei to laga.

– Tabellen vil nok svinge litt heile vegen her. Vanskeleg å følgje med på den frå kamp til kamp. Det handlar om å plukke poeng jamnt og trutt utover hausten, så blir me med i toppen. Søndag kjem neste moglegheit, sluttar trenaren