Den tysk-ghanesiske forsvarsspelaren kom på prøvespel torsdag førre veke då Hødd starta med fellestreningar igjen etter sommarferien.

Han har gjort eit godt inntrykk, men framtida hans i klubben er avhengig av kva legane seier om skaden han pådro seg i ryggen.

Undersøkingar i Hamburg

– Avtalen var at han skulle reise heim igjen no uavhengig av skaden han fekk på den fyrste treninga her. Både han og vi synest det var fortvilande det som skjedde. Han har fått trent med oss laurdag og måndag, så tok han det litt i ro tysdag, seier sportssjef André Nevstad til Sunnmørsposten.

27-åringen skal no undersøke ryggskaden han fekk. Undersøkingane skjer i Hamburg i Tyskland.

Skadeomfang avgjer

– Han var ein særs hyggeleg og sympatisk kar på alle moglege måtar. Vi ser at han har spelt på eit høgt nivå og har spennande kvalitetar, seier Nevstad. Det er framleis usikkert kor alvorleg skaden forsvarsspelaren fekk er.

– Vi må for begge sin del sjekke ut om det er noko som er langvarig. Det er ikkje noko poeng i at han kjem hit om det er ei langvarig skade, og det sa han sjølv også. Dave er framleis på lista vår og vi har ein god dialog med han.

Har diskutert økonomi

Hødd og prøvespelaren har også hatt ein dialog på det som handlar om økonomi i ein eventuell avtale for den kontraktlause spelaren.

– Om vi meinte det var ein spelar som ikkje var på eit økonomisk nivå vi kunne takle, så hadde han ikkje vore her. Vi har ikkje vore på detaljnivå, men det er greitt å vite om kva både vi og han tenker om økonomi, seier Nevstad.

Dei har ikkje snakka om kor lang ei eventuell kontrakt kan bli.

– Det må vi ta seinare, seier sportssjefen

Trenar Sindre Eid har tidlegare sagt at det er i forsvaret Hødd har dårlegast dekning. Etter det Nevstad veit, har ikkje tysk-ghanesaren planar om å besøke andre klubbar i framtida.