– Kvar einskild klubb må finne ut kva behov dei har, men vi gjer også våre undersøkingar. Men vi skal treffe dei rette typane, og det er ikkje alltid like lett å finne.Eg synast vi har vore dyktige i mange år på spelarlogistikk, for vi treff på nesten kvar overgang, seier Hødd-trenar Sindre Eid til Sunnmørsposten.

I dagens Hødd-mannskap har mellom anna Ole Amund Sveen og Eirik Ulland Andersen vist seg å vere gode signeringar, som klubbar på eit høgare nivå følgjer med på.

Følg Kristiansund-Hødd direkte her kl. 15.00

Mange prøvespelarar. Fredrikstad er ein av klubbane som har satsa på prøvespelarar. Denne veka hadde dei heile fire samtidig. Fleire andre klubbar i 1. divisjon har hatt besøk av beilarar. Hødd har berre hatt tysk-ghanesaren Davidson Drobo-Ampem på besøk, men det er framleis usikkert om han får sjansen.

– Vi er ikkje heilt der andre er, som kanskje vil teste mange spelarar når overgangsvindauget er ope. Vi jobbar jamt og trutt gjennom heile året med spelarlogistikk for å ha god kontroll.

Trenaren trekk fram jobben som sportsleg utviklingsleiar Geir Hansen og sportssjef André Nevstad gjer på spelarmarknaden.

– Vi må få spelarar som forstår kva som må til for å lukkast på ein stad som Ulsteinvik. Difor vil vi ha dei på besøk for at dei skal kjenne på miljøet, og at vi kan sjå om det er ein god «match». Om dei skal prestere på bana, må dei trivast utanfor også. Vi må vere ærlege på kor vi bor. Sjølv om vi synast det er ein fantastisk plass, så er det ikkje alle som synast det.

Følg Kristiansund-Hødd direkte her kl. 15.00

Viktige kampar

I morgon startar haustsesongen for Hødd med ein bortekamp mot Kristiansund. Etter det ventar Bærum på heimebane.

– Vi er ikkje redde for å seie at det blir to viktige kampar å få med seg poeng i når ein ser på tabellen. Vi veit det kan svinge veldig i denne divisjonen, men vi har trent godt og gler oss til ein spennande haustsesong.

Hødd har ein karantene – og skadefri tropp å velje frå, medan Sverre Økland og Stian Gregersen står over med karantene for Kristiansund.