— Eg er veldig skuffa. Det er surt! Det er liksom ein sjanse i livet og karrieren at du får eit NM på heimebane. Når du då ikkje får det bedre til, nei – det.

Han var det store heimehåpet i NM på Voss. Medalje var målet. Og så enda han heilt nede på ein 10. plass – slått av læremeisteren og 45 år gamle Kristen Skjeldal.

- Kordan følest det?

— Nei, eg har ikkje noko god forklaring på det. Han er stri, dei kan snakka seg ned både han og Thomas Alsgaard (Nr.4 i dag, men får NM-bronsen fordi skotten Andrew Musgrave vart nr.2), men ein kjem ikkje vekk i frå at dei har vore ein av verdas beste skiløpere begge to. Men eg skal jo ikkje verta slått av dei, vedgår han.

Slått med tre sekund

Skjeldal gjekk til alt overmål på ski som han hadde fått låna av Sjur Røthe.

— Ja, han fekk låna skia mine, men det er ikkje sikkert han får låna ski av meg på laurdag (30 km duathlon) hvis han skal halda fram med å slå meg slik som det her, svarer han og dreg på smilet.

Røthe vart slått av Skjeldal (9.plass) med 3 sekund. Han var heile 2,04 minutt bak vinnaren Martin Johnsrud Sundby, og halvanna minutt bak Alsgaard, som på pressekonferansen humoristisk presenterte seg som ein som tok medalje i junior-NM i 1987. - Kva gjekk gale?

— Nei, eg veit ikkje. Sjukdom etter Tour de ski øydelegg nok ein del, men eg har ikkje noko å klage på. Det er eigentleg berre meg som ikkje går fort nok. Eg kjente vel relativt tidleg at eg ikkje hadde den heilt RÅ dagen..Det var tunge forhold her, men det var likt for alle.

- Kva synest du om stemninga?

— Jau, det var god stemning, mykje liv og røre, og bra trøkk frå publikum. Eg blei løfta rundt, synd eg ikkje hadde så mykje krutt å gje tilbake til dei i dag. Då er det kjedeleg å koma i mål som nummer 10. Planen var å kjempa om medalje, sa Røthe.

Han står over sprinten, i håp om å koma sterkare tilbake på 3-mila laurdag.