No har Tarjei Bø henta fram treningsdagbøkene frå sesongen 2010/11, då han var best i verda – og alt gjekk på skinner.

— Eg har prøvd å gå litt tilbake til det som fungerte i 2011, og sett litt på kva eg gjorde då, vedgår 26-åringen.

Den sesongen leia han verdscupen frå start til mål, og vann også tre VM-gull. Han gjekk alle renna i verdscupen, og var blant dei seks beste i 21 av 26 renn. Han stod øvst på pallen i fem renn, og hadde nesten ikkje eit einaste renn som var dårleg.

Vil ta trona tilbake

— Det var ein eventyrleg sesong. Alt gjekk som ein lek, vedgår stryningen.

Sist vinter stod han for første gong på tre sesongar utan ein siger i verdscupen. Det beste han oppnådde var to tredjeplassar, i Hochfilzen og i Oberhof.

No vil han ta tilbake trona som verdas beste skiskyttar.

Då må han først slå veslebroren.

— Det blir nesten like tøft, det. Han hadde ein heilt fantastisk fjorårssesong, er 26-åringen sin dom over det veslebror Johannes Thingnes Bø (21) presterte i sin første seniorsesong.

Samstundes som hans eigen sesong enda med total fiasko, gjekk veslebroren inn til ein tredjeplass samanlagt i verdscupen. Han tok også fem individuelle sigrar i verdscupen – det same som Tarjei Bø hadde då han regjerte i 2010/11-sesongen.

- Ofra alt for OL

— Det er ein utruleg sterk prestasjon. Eg trur ikkje han heilt skjønar sjølv kor bra det var. Den dagen han får litt motgang, vil han kanskje forstå det. At han som 20-åring kunne gå rett inn i verdscupen og prestera slik, det er heilt rått, meiner Bø.

Sjølv valde han vekk verdscupen i eit forsøk på å vera i toppform til OL. Det gjekk ikkje spesielt bra. I Sotsji vart han nummer 39 på sprinten, nummer 27 på jaktstarten og så fekk han ikkje gå fellesstarten. Då Emil Hegle Svendsen skaut seg bort på siste skyting enda også stafetten utanfor pallen.

— Eg ofra alt for å vera i form til OL, og så vart det ingenting, vedgår stryningen.

No har han brukt OL-bommen som motivasjon til å trena betre enn nokosinne.

— Eg har trent hardt og tøft heilt sidan i mai, og så har eg vore flink til å slappa av innimellom, fortel han.

Gode testresultat

Landslagstrenar Egil Gjelland meiner det er all grunn til å sjå opp for Bø denne sesongen:

— Eg trur han blir sterk i vinter. Han har nullstilt seg og gjort ein solid og god treningsjobb, så det ser lovande ut, seier Gjelland.

Tidlegare har sjukdom gjort at Bø ikkje har kunna trena så hardt og så bra som han ønskjer. Likevel har han – som i 2013 – klart å slå tilbake med VM-gull.

I år har han vore frisk.

— Eg fått gjort alt det eg har hatt lyst til. Testresultata viser også at ting har fungert. Det kjennest veldig bra, seier han.

Satsar på verdscupen

- Kva blir viktigast i vinter, VM eller verdscupen?

— Planen er å gå alle renn, så lenge eg føler meg sterk nok. Så i utgangspunktet er alt like viktig, svarer han, og held fram:

— Eg har lyst til å gjera det bra heile vegen, og koma så høgt som mogleg i totalen i verdscupen. Fysisk er eg på same nivå som eg var før 2011-sesongen. Men det er ein marginal idrett vi driv på med, så sjølv om eg kopierer eit opplegg som fungerte for tre år sidan, er det ingen garanti for at det blir suksess. Men grunnlaget som eg har fått gjort kan ikkje bli så mykje betre, så no er det berre opp til meg sjølv. Det handler om å få ut det beste når det gjeld. Eg må berre læra meg å verdsetja kvart einaste gode løp eg får, og ta det derifrå, seier han.

PS! Sesongen starter med mønstringsrenn på Sjusjøen neste helg. Verdscupen begynner i Østersund 30. november.