Daglig leiar i HT, Dag Arild Hansen, gjev i Fædrelandsvennen si dekking av saka den 05.09.15 sine kommentarar til den store motstanden i Åseral. Vi ønskjer i samband med dette å korrigere feilaktige opplysningar han kjem med.

Hansen spør seg kor mange fastbuande det er blant dei 306 underskriftene. Vi vil opplysa at 250 av dei 306 signaturane er frå stemmeføre åsdølar. Skalerer vi opp motstanden til ein kommune på størrelse med Kristiansand ville dette utgjere 20.000-30.000 underskrifter!

Har skapt forventningar

Åseral kommune har sagt nei til heile utbygginga — utan vilkår - og vist til dei formelle paragrafane for motsegn. Regionale og statlege organ har også motsegn som i andre saker ville stogga utbygging.At NVE likevel har gjeve konsesjon, til tross for at dei tidleg i saka forsikra om at kommunen sitt innspel ville bli lytta til, kan vi ikkje akseptere.

HT har skapt forventningar om 5-10 arbeidsplassar i kommunen om anlegget kjem i drift. På Lista er de berre 2 arbeidsplassar knytt til 31 turbinar. Vi forstår ikkje korleis 39 turbinar skal kunne gje 5-10 arbeidsplassar? Ved å øydelegge den flotte naturen og landskapet forsvinn også langsiktige arbeidsplassar som må inn i vurderinga.

Anlegget strekk seg over 10 km frå fjella over Kyrkjebygd og ender berre 5 km sør for turløypene på Ljosland. Søknaden beskriv og moglege alternativ for å utvide anlegget. På vestsida av planområdet ligg landskapsvernområdet Setesdal Vesthei Ryfylkehei. 39 turbinar i 140-200m høgde med tilhøyrande vegnett, massetak og oppstillingsplassar kjem i konflikt med verdiar som er viktige for kommunen. Varsellys vil får det heile til å skjære seg inn i stjernehimmelen som ein svevande flyplass, godt synleg på 40-60km avstand.

Dårleg argument

Hansen meiner motstanden vil dabbe av etter at anlegget er på plass. Det er eit dårleg argument, for det er ikkje motstanden som er avgjerande, men dei langsiktige og uopprettelege skadeverknadane som utbygginga fører til.

Hansen hevdar at støyen frå turbinane vil ligge under 40db på 600-700m avstand. Dette er nok ei feilopplysning som vi ser ikkje stemmer med det som vert opplevd på Lista og andre stader. På Lista har dei fleste blitt motstandarar av anlegget etter at dei fekk høyre kor sterk støyen vart og sjå kor dominerande turbinane er. Heile 80 naboar har signert klage til kommunen.

HT forsikra også, under sin presentasjon for kommunestyret, om at eigedomskatten til kommunen var urokkeleg. No, etter at dei fleste kommunane har sagt sitt, kjem lovforslaget om å fjerne skatten. Jf. Høyringsforslaget som ligg ute på regjeringa sin nettstad.