Og reaksjonane har ikkje lete vente på seg. Særleg kan ein merke seg at topp-politikarane i Kristiansand nå verkar såra og vonbrotne over at nabokommunane ikkje vil ha felleskap med dei. Og dermed får vi reaksjonar som betre høyrer heime i barnehagen enn i eit vaksent forum som eit bystyre bør vere.

Heve seg over furtenivået

Heldigvis har vi politiske bautaer som Vennesla-ordføraren (bildet) som evner å heve seg over furtenivået. Ho stikk fingeren i jorda og fortel tydeleg kva stoda er i dag og kor vegen må gå vidare. Ho seier at det nå ikkje handlar om tap eller seier, men om å dyrke samarbeidet i regionen — eit samarbeid som også må inkludere Kristiansand kommune.

Les også :

Les også :

Sjølvsagt har ho heilt rett i dette.

Spørsmålet er om dei politikarane som har råkøyrd på samanslåingsvegen nå evner å snu seg og jobbe for å finne løysingane som er til det beste for menneska i eigen kommune og som samstundes er til det beste for heile regionen. Det er nemleg det som er dei nye rammevilkåra som gjeld for politikarane våre her i området. Det er nå det gjeld for ordførarar og andre folkevalde å vise politisk leiarskap og vise oss veljarar kva dei er laga av.

Sjå til Vennesla og lær

Så oppmodinga må bli: Sjå til Vennesla og lær. I den situasjonen vi nå er i er det nettopp slike ordførarar vi treng. Og dersom ein ikkje evner dette — er det kanskje då rektig å vurdere å la andre krefter med større vidsyn overta?

Eg berre spør……

Ein liten kommentar til Vidar Udjus til slutt: Dersom regionen er så overmoden for samanslåing som du hevdar i fredagsavisen - kvifor er det då så mange veljarar som stemte i mot samanslåinga?