Desse kommunane bør no ta lærdom av til dømes den store og rike Bærum kommune (114 000 innb.). Dei bør studere kva pårørande uttalar om opplegget for demente på Stabekk bo— og omsorgssenter og følge dei siste dagars diskusjon om behandlinga av heimebuande psykisk utviklingshemma.

Grimstad kommune er litt mindre, men har og fått mykje publisitet for organiseringa av tenesterfor unge psykisk utviklingshemma. Og Kristiansand og ikkje minst Arendal har hatt omfattande erfaringar med barnevernsteneste, også her kan mindre kommunar ha mykje å lære...