Og skulen har gode resultater på dei nasjonale prøvene, så gode at Fædrelandsvennen sa at det var eit fyrtårn. Skulen har satsa spesielt på lesing, skriving og rekning, som er dei faga som er dei faga det er prøve i, i dei nasjonale prøvene. Ein av grunnanae til at skulen får så gode resultater, er kanskje fordi skulen trekte ut 8 % av dei elevane som hadde dei største problemane i dei teoretiske faga.

Skapar taparar

Osloskulen brukar utstrakt testing, og resultata fråd ei enkelte skulane blir offentliggjorde. Testing og konkurranse skapar taparar. Det vil alltid vera elevar som får dårlege resultatar på prøvene, slik lærer skulen dei at dei ikkje duger. Skulens viktigaste oppgåve er å få elevane til å få elevane kjensle av at dei er gode som dei er. Det er bra å vera god i lesing, skriving og matematikk, men det er trass alt berre eit verktøy skulen brukar for å få elevane til å tilegne seg den kunnskapen formålsparagrafen seier er målet for skulen. Og skal ein vurdere kor god ein skole er, må ein vurdere i kor stor grad elevane har tilegna seg dei verdiane.

Verdiane i formålsparagrafen

Det kan vera ein god skule sjølv om resultatet fråd ei nasjonale prøvane ikkje er så gode. Kanskje skulen satsar på at alle elevane får hjelp til å tilegne seg dei verdiane som formålsparagrafen seier er måle for skulen. Kanskje konkurransar og testing ikkje utviklar slike eigenskapar.

Så det er ikkje sikkert at Osloskulen er eit fyrtårn. Det er positivt å satse på skulen, men er det viktig kva det blir satsa på.