Men det er feil spørsmål i eit demokrati.

Alf Holmelid Foto: Tore-Andre Baardsen

Det sentrale spørsmålet er kva som har gått galt med kommunikasjonen og tilliten mellom folket og dei folkevalde. Kvifor ser vi stadig oftare at store folkegrupper viser sin mistillit til det etablerte politiske maktapparatet?

Interesser og makt

Det handlar om interesser og makt. Folk stemmer fram politikarar som skal forvalte den demokratiske makta deira. Men stadig fleire opplever eit politisk system som er vanskeleg å få i tale. Fattigfolk ser eit politisk system som ikkje forsvarer interessene deira, og som står med hatten i handa i møte med marknadskrefter og internasjonale kapitalinteresser. Dei som står nedst på rangstigen, blir kasteball og prygelknabe utan sterke talsmenn i det maktapparatet som dei har gitt si stemme til.

I etterkrigstida hadde vi ein lang periode med vekst kombinert med utjamning. Politikarane styrte utviklinga, og fordelingspolitikk stod høgt på dagsorden både blant politikarar og økonomar. Nye grupper fekk ei stemme i samfunnsdebatten gjennom engasjement i fagrørsle og interesseorganisasjonar. Velferdsordningar blei kjempa fram, og store folkegrupper fekk eit betre og tryggare liv. Det la grunnlaget for stor samfunnstillit og eit breitt politisk engasjement. Politikk var ikkje berre for eliten.

Aukande fattigdom

I dag går utviklinga i motsett retning. Forskjellane aukar, og politikarar og forskarar fortel oss med alvorstung røyst at vi ikkje har råd til å vidareføre dagens velferdssamfunn. Tryggleik for arbeid og inntekt er ikkje lenger noko som ungdom kan ta for gitt. Ein ny rapport frå arbeidslivsorganisasjonen til FN (ILO) viser at fattigdomen i Europa aukar. Vi er i ferd med å få ein ny fattig underklasse med laus tilknyting til arbeidslivet. Samtidig opplever mange eit brutalisert arbeidsliv med sosial dumping og aukande arbeidslivskriminalitet.

Når dei som er nedst på rangstigen, prøver å få politikarane og makteliten i tale, er det mildt sagt lite trøst å få. Dei må ofrast for å oppretthalde konkurransekrafta får dei høyre i meir eller mindre pent innpakka formuleringar. Samtidig ser vi at dei rike får skattelette, og at internasjonale konsern vrir seg unna skattlegging. Når folk protesterer på denne logikken, blir dei fortalt at samfunnet og økonomien er for kompliserte for vanlege folk. Samtidig viser fakta på bakken at den politiske eliten ikkje er i stand til å i ivareta interessene til den nye underklassen. Det politiske maktapparatet har mista evna til å forstå og kommunisere med store veljargrupper.

Det politiske maktapparatet har mista evna til å forstå og kommunisere med store veljargrupper.

Opprør mot avmakt og aukande klasseskilje kjem no til overflata både i Europa og USA. Utslaga er ikkje alltid like rasjonelle sett frå makteliten sitt synspunkt. Men det er farleg å bortforklare protestane og neglisjere dei underliggande problema. Det nyttar lite å skulde på tabloide media og manglande politisk engasjement. Politikarane må ta ansvar og bryte med ei utvikling som skaper større forskjellar og aukande maktesløyse blant store folkegrupper.

Framandfrykt

I mange land i Europa har mistillit til det etablerte politiske systemet lagt vegen open for høgreekstremistar som spelar uhemma på framandfrykt. Ropet om å stenge grensene for flyktningar kjem frå stadig fleire hald. Men det er ein lettvint retorikk som nører opp under høgreekstremismen, og som ikkje går til kjernen av problemet. Det er ingen grunn til å nekte for at den auka innvandringa byr på utfordringar. Men det er ei farleg avsporing å gi den all skuld for den misnøya som no manifesterar seg i protestval i land etter land.

Folket har kanskje ikkje alltid rett, men det har alltid makta og ansvaret i eit demokrati. Vårt representativt demokrati er avhengig av kommunikasjon og tillit. Sviktar tilliten, nyttar det lite å klage på folket. Då er det på tide at politikarane og makteliten går i eg sjølv og spør seg korleis dei kan gjenreise tilliten. Det Europa treng no, er politikarar som kan møte høgreekstremisme med solidaritet. Vi treng politikarar og parti som kan redusere forskjellane i samfunnet og skape eit fellesskap som omfattar alle.