I sitt svar imøtegår han eit par av mine argument og gjentar påstanden om at elektrisk buss på E18/E39 er meir miljøvennleg enn tog på Sørlandsbana dersom vi investerer for å redusere reisetida med tog.

Konklusjonen til Randøy bygger på ein føresetnad som det er grunn til å problematisere. Han legg til grunn at utslepp frå tog må inkludere utslepp frå utbygging av jernbanelinja. Men når det gjeld bil, så reknar han ikkje med utslepp frå utbygging av veg. I sitt siste innlegg argumenterer han med at ein del av E18/E39 alt er bygd ut, og at klimautsleppa dermed er realisert. Det er berre delvis riktig, for vedlikehald og auka trafikk fører til utslepp over tid.

Sjølv om vi berre rekner med framtidig utbygging av E18/E39, så blir utsleppa store. Det er framleis mange deler av strekninga mellom Oslo og Stavanger som ikkje er bygd ut med motorveg. La oss sjå litt på klimarekneskapen til Ytre ringveg som er under 10 km lang. Nye vegar skriv: «Bygging av vegen fører til utslipp av 64 650 tonn, mens drift og vedlikehold gjennom 60 år gir utslipp på 42 520 tonn CO2e. Ekstra trafikk på grunn av den nye veistrekningen er beregnet til å føre til 3 prosent økt utslipp (329 354 tonn CO2e) over en 40 års periode, sammenliknet med 0-alternativet.»

Altså er dei samla utsleppa frå bygging og vedlikehald på over 107.000 CO2e. I tillegg kjem utslepp frå auka trafikk på over 329.000 CO2e, til saman over 435.000 tonn CO2e. Og det er berre 10 km av det som står att for å få motorveg frå Oslo til Stavanger. Til samanlikning vil utbygging av heile Grenlandsbana (Genistreken) føre til utslepp av 800.000 tonn CO2e i følgje utrekningane til Randøy. For ordens skuld må eg legge til at eg ikkje veit om Randøy har rekna med vedlikehald.

Det fine med denne diskusjonen er at vi endeleg kan få litt fokus på kor store klimautslepp vi får frå utbygging av motorveg. Av ein eller annan grunn har det blitt aksept for å «gløyme» klimautslepp når vi snakkar om å bygger motorveg i motsetning til når ein snakkar om å bygger jernbane.