No har denne jernbanestrekninga blitt forsømt så lenge at den kan bli nedlagt om nokre år. Dersom den skal overleve, så må vi få eit fornya engasjement for toget på Sørlandet. Men det vi ser, er tvert i mot noko som liknar ein kampanje mot togtilbodet.

Først ute var NHO som vil avvikle persontrafikken og berre satse på gods. Fleire samfunnsdebattantar har kasta seg på. Sist ute er sivilarkitekt Otto Randøy i eit innlegg her i avisa. Han hevdar at elektrisk buss er meir miljøvennleg enn tog. Men for å komme fram til den konklusjonen så må han drive litt kreativ bokføring. I klimautsleppa frå togtransport reknar han inn utsleppa frå bygging av bane. Men han tar ikkje med utsleppa frå vegbygging i rekneskapen for buss. Det er altså ein føresetnad for dette reknestykket at god veg har vi uansett, seier Randøy. Det er omtrent som å seie at eg treng ikkje betale for togbilletten, for toget går uansett.

Elles er det ein del klima- og miljøeffektar som ikkje er med i analysen til Randøy. Både elektriske tog og elektriske bussar er utan direkte klimautslepp. Men i motsetning til elektriske tog så treng elektriske bussar batteri, og batteriproduksjon er energiintensiv. Dei fleste batteri blir i dag produsert heilt eller delvis med fossil energi. I tillegg går det med store mengder råmateriale. Biltrafikk fører også til slitasje av dekk, noko som utan samanlikning er den største kjelda til mikroplast i naturen og i havet. Oslo er vel heller ikkje så glad for å få auke i biltrafikken på innfartsårene.

I andre landsdelar er det eit breitt engasjement for å styrke togtilbodet. Det er på tide at også vår region samlar seg til kamp for å sikre og vidareutvikle Sørlandsbana. Om eit par år er det for seint å redde dette miljøvennlege og attraktive transporttilbodet.