Eg legg merke til at ho koplar ikkje underskotet i føretaket til at ein blandar drift og investering som følge av rekneskapslova i helseføretaka. Ein kan ikkje ta det som gitt at dette er kjent for folk flest. Det er dette eg vil poengtere her.

Eg opplever det rår ei førestilling om at Norge brukar mykje meir pengar på sjukehus enn andre land. Dette vert tilbakevist av fleire økonomar, om ein brukar samanliknbare tal. Ukritiske samanlikningar vil på den andre sida gi eit slikt inntrykk.

Forskarar har vidare funne at om ein brukar den rekneskapslova som var for sjukehusa før 2001, ville underskota i helseføretaka sett svært annleis ut. Årsaka er at ein ikkje blandar drift og kapitalbehov for nybygg. Avskriving av verdiar knytt til bygningar fører til underskot i rekneskapen i helseføretaka og skapar press på reduksjon i drifta. Dette er eit politisk val, og gjer sjukehusa svært sårbare for tilfeldig og dårleg styrte nedskjæringar på drift.

I 2004 vart det etablert eit strukturfond, som skulle utlikne dette underskotet. Det vart oppheva i 2007. Sidan har det vore eit sirkus rundt alle desse underskota i helseføretaka, som lett blir definert som overforbruk.

Når helseminister Ingvild Kjerkol meiner helseføretaka no må redusere kraftig på vikarbruk, og samtidig seier dei må bruke meir tid på pasientar, forstår eg ikkje noko som helst. Det heng ikkje i hop. Og det går ut over dei pasientar med dårlegast helse.

Når helseminister Ingvild Kjerkol meiner helseføretaka no må redusere kraftig på vikarbruk, og samtidig seier dei må bruke meir tid på pasientar, forstår eg ikkje noko som helst. Det heng ikkje i hop.

Blanding av drift og investering er ei viktig årsak til eit uønska press i reduksjon av personell. Det er desse spørsmåla Fanny Voldnes og fleire andre økonomar i Samfunn og Økonomi nr. 2.2021 drøftar. Den som vil setje seg inn i det kan lese det på nettet.

Alternativet er ein forvaltningsmodell litt meir slik den var før 2001. Det ville bidra til ein betre dialog mellom fagfolk om prioriteringar og nedskjæringar, og dermed betre behandling. Politikarar er i styret, og kan føre direkte dialogar, budsjett og rekneskapsoversikta blir meir oversiktleg og gir politikarane betre informasjon til å ta fornuftige avgjer om drift.

I dag kjem politikarane i etterkant, og blir sett i skvis mellom fagfolk og leiinga ved sjukehuset. Det blir auka sprik mellom politiske intensjonar og praksis. Det svekkar tillita til helsevesenet, utan ei god forklaring på kvifor det er slik. Det leier til ei mistenkeleggjering av at det er bakkebyråkratane (helse- og sosialarbeidar) som ikkje gjer ein god nok jobb.

Dette skjer ikkje berre i SSHF, men gjeld alle helseføretaka. Om det skal skje ei endring i dette, og kva konsekvensar det skal få for organisering og drift, blir spennande å følgje med på når Sjukehusutvalet kjem med si innstilling i mars 2023.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.