Det var ikkje meininga å oversjå dette, men eg må medgi at det «gjekk meg hus forbi» i ei travel førjulstid med stor aktivitet i klinikkane.

Fosse gir i innlegget uttrykk for politiske standpunkt eg ikkje er invitert til å kommentere, men han har følgande konkrete spørsmål til meg som sjukehusdirektør: Kvifor vil ein redusera talet på tilsette ved sjukehuset med 150 årsverk i 2023?

Det er viktig for meg å gjere det klart at dette ikkje er snakk om 150 konkrete personar. Årsverk inkluderer blant anna overtid og vikarbruk, som gjev høge kostnadar for eit sjukehus. Det er sentralt for føretaket å få kontroll på desse kostnadane, fordi vi i 2022 hadde eit overforbruk på rundt 140 millionar kroner. Fristbrot og høge kostnadar til overtid og vikarar er mykje av forklaringa på dette. Vi har i haust hatt ei positiv utvikling i talet på behandla pasientar, mykje takka vere dyktige tilsette. Likevel er det mykje som må gjerast før vi er tilbake i meir normal drift. I dag er arbeidspresset ulikt på ulike tider av døgnet, og mellom avdelingar. Ved å planleggje bemanning betre når aktiviteten er høgast, kan vi betra situasjonen for tilsette og pasientar. I 2023 vil vi difor, saman med tilsette og tillitsvalde, arbeide med betre ressursplanlegging.

Vi veit at mangel på kvalifisert personell blir ei aukande utfordring framover, og det er difor avgjerande at våre medarbeidarar får bruke tid og kompetanse på ein god og fornuftig måte. For å bidra til dette, innfører vi ny teknologi og ser på korleis dei tre somatiske sjukehusa kan arbeide betre saman om oppgåvene og pasientane. Samstundes overfører vi oppgåver mellom profesjonane – til dømes oppgåver som ein lege gjer, som like godt kan gjerast av til dømes ein sjukepleiar.

Slike tiltak er oppfølging av vår Utviklingsplan 2040, som legg føringar for sjukehuset i framtida, og difor vil prege tiltaka vi set i verk dei komande åra.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.