Så les eg i ein reportasje i Fvn fredag 16. desember at nybygg er klar for drift etter ein pris på 967 millioner kroner. Bygget er på 8500 kvm. Eit flott og sikkert nødvendig bygg. Samtidig har styret nyleg hatt møte i den nye gymnastikksalen. Det står ikkje om dei har hatt gymnastikk der, men at dei har gjort vedtak om å redusere talet på årsverk med 150 ved SSHF for 2023.

Styreleier Bjørn Walle seier: «Vi kan ikkje drive som i dag». Det står ikkje vidare i intervjua, og i reportasjen, at årsaka til reduksjon i drifta på 150 årsverk er frigjering av kapital til nye investeringar. Men reportasjane om reduksjon i årsverk og kostnader til nybygg står side om side.

Mitt spørsmål er derfor til Nina Mevold så enkelt som dette:

Er nybygget årsaka til reduksjon i drifta? Eller er det behov for kapital til nye investeringar?

Om svaret er ja, understrekar dette at ein bør skilje mellom investering og drift. Dette kan ikkje Sørlandet sjukehus gjere, men regjeringa må gjere det gjennom det arbeid som er i gang med reformer for helseføretaka.

Eg meiner det offentlege har krav på å vite kvifor dette må skje, spesielt når det vert framheva at tilsette går i spagat allereie, før nedskjæringa har skjedd. Kvifor kjem ein med denne opplysninga når bygget står ferdig? Burde ikkje det vore tatt høyde for kostnadene i forbindelse med bygginga? Har ikkje politikarane vore med i drøftinga rundt konsekvensanalysa? Denne prosessen verkar underleg for oss som står utanfor sjukehussystemet. I Arendal vart dei nyleg overrumpla med ei intern uventa avgjer. Kven skal no bli overrumpla av nye oppseiingar?

Eg meiner det offentlege har krav på å vite kvifor dette må skje, spesielt når det vert framheva at tilsette går i spagat allereie, før nedskjæringa har skjedd.

Fanny Voldnes, spesialrådgiver i Kommunekonsult og Fagforbundet, stiller spørsmål ved om dagens regnskapsførsel i helseføretaka gir nyttig informasjon om sjukehusa. Ho gjer det i ein artikkel i Samfunn og økonomi nr 2, 2021. Ho påpeikar at den viktigaste endring etter innføring av helseføretaka i 2001, ikkje var at sjukehusa vart overført frå kommunen til staten, men at sjukehusa vart organisert som forretningskonsern, som avgir eit samla årsrekneskap for heile konsernet, samla for alle helseføretaka. Fanny Voldnes samanliknar det med forretningsførsel til Orkla.

Både helseføretaka og regionale helseføretak er regulert etter rekneskapslova etter 2001, som er tiltenkt privat sektor for vanleg forretningsdrift. Før helseføretaka si tid vart sjukehusa drive etter kommunalt budsjett og rekneskapssystem. I denne samanheng skilde ein klart mellom investeringar og drift, på ein måte som gjorde det nødvendig med politisk godkjenning av både investeringar og drift. Eit budsjett skulle godkjennast politisk og rekneskapen vart sett i forhold til budsjettet frå år til år. Dette gjorde det lettare for politikarar å halde kontroll med sjukehusa. Slik det er i dag, blir det svært vanskeleg for politikarar å forstå og følgje med i regnskaps- og investeringssystemet. I dag må eit sjukehus ha 30 prosent eigenkapital for å få nye lån til investeringar. I så måte må eit styre som driv eit regionalt helseføretak kynisk kutte på drift, for å finne rom til nyinvesteringar. Dette kan ein gjere utan politisk kontroll.

Før helseføretaka si tid var byggeprosjekta innvilga over fylkeskommunen sine budsjett og finansiert av lån godkjent av staten. Dette gav sjukehusa og politikarene betre styring med kva konsekvensar nyinvesteringar skulle få for drifta i sjukehusa. Med det budsjett og rekneskapssystem som sjukehusa har i dag, blir drifta mykje meir sårbar for kutt, og politikarane misser kontrollen med omsyn til å regulere dette frå år til år. Det blir også vanskelegare for fagfolk å verte høyrt i helsebyråkratiet.

Ein konsekvens av desse endringane er at dei handlingsreglar og føringar politikarane har lagt på helseføretaka, for eksempelvis ved styrking av rus og psykiatri, ikkje er blitt realisert. Det same gjeld i prinsippet andre tiltak, på andre fagfelt. For å unngå at slike fatale kanskje uønska konsekvensar skjer, med kutt i drifta på sjukehuset med 150 årsverk, bør ein derfor endre på budsjett- og rekneskapsførselen for sjukehusa.

Dette treng vel ikkje bety at sjukehusa må tilbake til fylkeskommunane, men at dei ikkje vert drive etter rekneskapslova lik Orkla. Ei slik endring trur eg er nødvendig for at tillita til sjukehusa skal auke, og for at fagfolk skal bli høyrt i eige system. Helse er politikk. Det handlar om folks livskvalitet. Ikkje minst handlar det om å kunne snu vonde sirklar for vanlige folk. Dette vil best kunne skje gjennom eit opplegg som ikkje er underlagt kyniske krav til eigenkapital som om det er eit forretningsføretak, men som kan kople seg opp mot sunn fornuft og ein meir overordna, større dimensjon, med omsyn til fordeling av helsegoder blant folk. Meir tilbake til slik det var før 2001, med andre ord.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.