Ho har ikkje, så langt eg har sett, svara. For meg er det ikkje viktig om ho eller leiar for styret svarer, men at helseføretaket kan gi nødvendig informasjon om sine planlagde handlingar og vedtak til alle som brukar sjukehuset. Skjer dette?

Det høyrer med i dette bildet at noko av bakgrunnsteppet for min artikkel også var at regjeringa har skrota den gylne regel om at rus og psykiatri skal prioriterast framfor somatikk. Dette vart innført av den blå-blå regjeringa i 2014. Grunnen til at den noverande regjeringa skrota regelen er at den ikkje fungerte. Spriket mellom dei politiske signal og praksis i helseføretaka var for stort.

Når regjeringa no har sett ned eit utval for å sjå på korleis helseføretaka fungerer, er det derfor å forvente at regjeringa ser på den politiske styringa.

Mitt poeng her er at ein bør forvente at eit helseføretak kan gi gode svar på spørsmål om kvifor ein vil redusere talet på tilsette ved sjukehuset med 150 årsverk i 2023. Alt dette skaper stress i ein elles travel kvardag for bakkebyråkratane (helse- og sosialarbeidarar).

Det er grunn til å svare på spørsmåla fordi vi som vanlege borgarar betalar for helseføretaka. Og det er politikarane sitt ansvar korleis dette systemet fungerer og prioriterer våre skattepengar.

Personleg har eg ikkje noko imot at den gylne regel vert oppheva, men det skjer kanskje litt tidleg, og regjeringa kommuniserer dårleg, når den er så treg med å fortelje velgarane kva som skal erstatte det som vert oppheva. Det er slik regjeringa taper mange velgarar. Den gir for stort rom for kritikk mellom oppheving av gamle ordningar til svaret på kva som skal erstatte det, vert gitt.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.