Dei økonomiske argumenta hans blei tilbakevist i eit tidlegare innlegg, så dei lar eg ligge. Denne gangen er det produksjonsteknologi og estetikk han slår i bordet med. Men heller ikkje her har han tunge argument å komme med.

Livsløpsanalyser

Bergsmark tar utgangspunkt i livsløpsanalyser for ulike energikjelder, og det er ein viktig basis for diskusjonen. For å lage solceller trengs det energi både til produksjon og transport. I gjennomsnitt fører det til utslepp av 40g CO2 pr. kWh som Bergsmark seier. Dette er langt meir enn vasskraft som genererer svært lite utslepp. Men det er berre tiandeparten av gasskraft som Noreg prøver å marknadsføre som eit klimavennleg alternativ.

Dessutan gjer teknologien stormskritt på dette området. Energiforbruket til produksjon av solceller blir redusert år for år. I tillegg er det slik at dagens solceller i stor grad blir produsert i Kina med energi i frå lite effektive kolkraftverk. Dette vil også endre seg gradvis i positiv retning.

Vasskraftproduksjonen

Bergsmark argumenterer som om solenergi vil redusere vasskraftproduksjonen her i landet. Det er det ingen grunn til. Fornybar energi av ulike slag skal erstatte fossil energi. Det skjer på ulike måtar, ved elektrifisering av bilparken som i dag går på fossil energi, ved at vi produserer meir metall med fornybar energi, ved at vi etablerer kraftkrevjande datasenter her i landet, eller at vi eksporterer fornybar energi til andre land.Bergsmark er opptatt av estetikken om vi får solceller på alle tak. Dette er ei utfordring eg trur arkitektar og teknologar vil gripe fatt i med entusiasme. Og vasskrafta er heller ikkje utan problem når det gjeld natur og estetikk for dei som likar å ferdast litt utanfor urbane strøk.

Det siste vi treng på Agder i desse dagar er ein bakstreversk kamp mot det grøne skiftet. Vi bør tvert i mot leite etter område der vi kan skape arbeidsplassar innan nye og framtidsretta område. Det må til om vi skal ta vare på Sørlandet som ein leiande teknologiregion med levande og konkurransedyktig industri.