— Det er slike ting ein ynskjer som fotballspelar. Me møter eit godt lag, det er mykje publikum og me spelar på ein fantastisk arena, seier Wrele til smp.no etter kampen.

Han kunne blitt den store helten på Hødd sine store festdag i Ulsteinvik etter at han gav blåtrøyene leiinga etter berre to minutt. Men ei sein Fredrikstad-scoring øydela for 24-åringen.

Wrele var mest skuffa over måten Hødd datt saman i andreomgangen.

— Hadde me hatt litt meir flaks kunne me ha leia 2-0 etter førsteomgangen. I den andre omgangen skuffar me. Fredrikstad kjem ut med eit høgt press på oss, og me får ikkje til spelet vårt. Me slit med å ta ned ballen og blir springande ein del mellom. Slik sett var det fair at det blei uavgjort, seier Wrele.

– Må ta med oss førsteomgangen

Neste måndag er det duka for nok ein storkamp på nye Høddvoll. Då kjem Brann på besøk til Hødd si nye storstove. Wrele gler seg til å møte divisjonens største lag, og meiner dei må bygge vidare på det dei presterte i førsteomgangen inn i mot den kampen.

— Me må først og fremst ta med oss prestasjonen frå førsteomgangen. Då er me gode. I tillegg har me ei bra grunninnstilling, me jobbar hardt og ligg riktig i posisjonane våre. Det er det me skal ta med oss inn mot den kampen, seier Wrele.