Hødd såg ut til å stikke av med alle tre poenga i den historiske kampen på nye Høddvoll. Men Fredrikstads Rafel Burgos ville det annleis, og innbytaren frå El Salvador banka inn utlikninga for gjestane i det 87. minuttet.

Hødd-trenar Sindre Eid var naturleg nok skuffa over å miste alle poenga i sluttminuttane, men klarte å glede seg over det som var ein svært god førsteomgang.

— Det er sjølvsagt surt når du slepp inn mål på slutten. Då vil det alltid følast litt som eit tap. Men me må ta med oss det positive. Eg synest me spelar ein veldig bra førsteomgang. Då framstår me som eit meget, meget godt OBOSligaen-lag, seier Eid til smp.no etter kampslutt.

— Evna ikkje å ta vare på ballen

— Hødd leverte ein svært god førsteomgang og var klart mykje betre enn Fredrikstad ute på det nye kunstgraset. I andre omgang kom bortelaget meir med, og fekk si fortente utlikning like før slutt.

Eid trur spelarane hans blei slitne utover i den andre omgangen, og at det kombinert med at Fredrikstad løfta seg gjorde at det blei som det blei i dei siste 45 minuttane.

— Det er ikkje noko å seie på innsatsen til spelarane i den andre omgangen, men me evnar ikkje å ta vare på ballen i lange nok periodar til å vere med å skape sjansar og bidra i kampen på den måten. Men slik er det, me møter eit veldig godt fotballag i dag, seier Eid.