Det var duket til fest på nye Høddvoll, men en sen Fredrikstad-scoring ødela. Foto: Nils Harald Ånstad

Eit feststemt Hødd-publikum fekk draumeopninga dei hadde håpa på då Joakim Wrele gav Hødd leiinga etter to minutt. Men ei sein scoring av Fredrikstads Rafael Burgos fastsette sluttresultatet til 1-1 i opningskampen på nye Høddvoll.Hødd hadde invitert til festkveld og opning av ny storstove I Ulsteinvik. Og allereie etter to minutt gav Hødd heimepublikumet draumeopninga på nye Høddvoll. Eit lang frispark frå Fredrik Aursnes blei klarert ut på Hødds høgreside, der Magnus Myklebust plukka ballen opp. Kantspelaren drog seg fint inn i Fredrikstad sitt straffefelt og lempa ballen skummelt inn mot bakre stolpe. Jon Masalin i FFK-målet klarte ikkje å avverge innlegget, og på bakre stolpe dukka svenske Joakim Wrele opp og gav Hødd 1-0 på litt heldig vis. Det var svensken sitt første mål for blåtrøyene.

Heimelaget dominerte

Og sjølv om heimelaget fekk ein perfekt start på kampen, sleppte dei seg ikkje nemneverdig nedpå, men fortsette presset mot Fredrikstad-målet. Like etter opningsmålet var det Jonas Ingebrigtsen som var frampå for Hødd. Nok ein gong var det på høgresida det føregjekk. Høgrebacken forserte forbi ein mann før han drog seg fint inn Fredrikstad sin 16-meter. Avslutninga var god og Masalin måtte gi corner.

Gav nesten vekk utlikninga

FFK hadde ikkje mykje å kome med i den første omgangen. Det meste føregjekk på deira banehalvdel, og Hødd styrte alt av banespelet, utan å skape dei heilt store sjansane til å auke leiinga.

Bortelaget sin einsaste skikkelege moglegheit var det Hødd-kaptein Jesper Törnqvist som forærte gjestane då han mista ballen til FFK-angripar Henrik Kjelsrud Johansen ute på venstresida. Johansen fossa mot dødlinja til Hødd og fekk lagt eit farleg innlegg mot Dag Alexander Olsen inne i feltet. Diverre for rødbuksene blei headinga frå fem meter for dårleg.

Sleit med skape sjansar

Den andre omgangen starta betre for bortelaget sin del. Dei hadde meir ball og klarte å bite seg fast på Hødds halvdel. Men dei heilt store sjansane klarte dei ikkje å skape. Etter ti minutt blei det imidlertid ropt høgt på hands inne i Hødd-feltet etter ein FFK-corner. Men dommar Steinar Hauge vinka protestane frå Fredrikstad-laget raskt vekk.

Heimelaget klarte ikkje å følgje opp intensiteten og presset som dei gjorde i den første omgangen, og blei springande mykje mellom eit FFK-lag som fekk trille mykje ball. Innbytet av Joachim Magnussen og Torbjørn Kallevåg hjalp litt offensivt, men som gjestane sleit heimelaget med å skape farlegheiter føre FFK-målet.

Burgos øydela Hødd-festen

Då det heile såg ut til å ebbe ut i tre poeng for heimelaget, fekk Rafael Burgos plutseleg stå aleine rett utanfor 16-meteren til Hødd. Etter eit innlegg blei ballen lagt ut til landslagsspelaren frå El Salvador, som banka ballen til venstre for Falch i Hødd-målet til 1-1. Fredrikstad var nære på å stikke av med alle tre poenga, då ein umarkert Fredrikstad-spelar fekk heade ballen i mål frå 10 meter. Men linjemannen hadde flagget oppe, og dermed blei scoringa annulert og det enda med poengdeling i den første seriekampen på nye Høddvoll noko sinne.