Første kamp på Hødd si nye storstove er mot opprykkskandidat Fredrikstad. Etter tre poeng i serieopninga borte mot Strømmen går Hødd til mandagens kamp med sjølvtillit og eit håp om å stå med full pott etter to kampar. Ramma rundt kampen er det ikkje noko å seie på. No gjeld det for Hødd-laget å skape ein fest også ute på banen.

Mykje å revansjere på heimebane

Hødd var det tredje svakaste heimelaget i fjorårets 1. divisjon. Berre nedrykkslaga HamKam og Ullensaker/Kisa plukka færre poeng på eige gras i 2014. Skal Hødd vere med i toppen i årets sesong, må denne statistikken kraftig betrast. Og det startar i kveld mot laget frå Østfold.

Hødd vann berre fem av heimekampane sine i fjor. Ein av dei kom imidlertid mot dagens motstandar, Fredrikstad, då Hødd vann 2-0 på gamle Høddvoll. Noverande Sogndal-spelarar Robin Shroot og Victor Grodås var Hødds målscorarar den gongen. I bortekampen vann Fredrikstad etter mål av Robert Stene.

Ulland Andersen frå start

Hødd leverte ein god pningskamp mot Strømmen på bortebane, og Hødd-trenar Sindre Eid gjer ei endring frå laget som starta den kampen. Eirik Ulland Andersen tek plassen til Joachim Magnussen i startoppstillinga til heimelaget.

Hødd (4-2-3-1): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Joachim Wrele, Fredrik Aursnes – Eirik Ulland Andersen, Ole Amund Sveen, Magnus Myklebust – Michael Karlsen

Benken: Ole-Monrad Alme, Joachim Magnussen, Ruben-Kenneth Brandal, Torbjørn Kallevåg, Bendik Dybal Torset, Sondre Beite

Fredrikstad (4-4-2): Jon Masalin – Simen Rafn, Loic Abenzoar, Johan Hammar, Netan Sansara – Julius Adaramola, Amin Nazari, Håvard Åsheim — Dag Alexander Olsen – Henrik Kjelsrud Johansen, Steffen Nystrøm

Benken: Håvard Grøntvedt Jenssen, Rozhat Shaswari, Rafael Burgos, Ola Lønn Jensen, Ludvik Begby, Filip Johansen Westgaard

Følg kampen med vår journalist her: