— Det føles heilt fantastisk. Det ein heilt utruleg kamp og oppleving med fullsett stadion, seier Ulland Andersen til smp.no etter kampen.

Han var ikkje overraska over at Hødd leverte ein så god kamp heime mot Brann denne kvelden.

  • Me har hatt tru på det heile tida og eg synest eigentleg me har hatt ein veldig bra start på sesongen, om ein ser vekk ifrå andreomgangen mot Fredrikstad. Det var gøy å vise at me kunne spele godt i 90 minuttar, seier han.

- Ei sjuk pasning frå Fredrik

Like etter halvtimen var passert på Høddvoll sendte han nye Høddvoll til himmels då han med ei kontrollert avslutning aleine med Brann-keeper Alex Horwath gav heimelaget 1-0. Ulland Andersen skryt over 19-årige Fredrik Aursnes når han skal beskrive det fantastiske opningsmålet.

  • På det første målet får eg ei heilt sjuk pasning av Fredrik. Det er noko me gjer på trening ofte, og godt å sjå at me får det til også i kamp, seier Hødd-helten.

22-åringen synest laget var gode gjennom heile kampen mot bergenslaget, og at dei vann fullt fortent mot raudtrøyene.

— Me er botnsolide i dag og køyrer over Brann. Visst ikkje dette lovar godt for fortsettinga så veit ikkje eg, seier Hødds kantspelar.