Brann fekk ikkje revansje frå cupnederlaget i 2012. I staden blei dei rundspelt av eit meget sterkt Hødd-lag. Blåtrøyene frå Ulsteinvik leverte årsbeste heime i solskinet på nye Høddvoll, og gjorde Brann sitt gjensyn med sunnmørsbygda til eit realt mareritt.

VIDEO: SJÅ HØGDEPUNKTA FRÅ HØDDS NEDSABLING AV BRANN ØVERST I SAKA.

For Hødd gjekk offensivt ut mot storlaget frå Bergen i opningsomgangen, og allereie i lagets første angrep kom midtbanespelar Fredrik Aursnes til ei god avslutning mot Brann-målet. 19-åringen fekk sikta seg inn på det lengste krysset, men diverre for midtbanegeneralen gjekk forsøket like over.

Hødd best i opninga

Første del av opningsomgange svinga veldig fram og tilbake utan at laga klarte å skape dei heilt store målsjansane. Nærast var Hødd og Michael Karslen, då spydspissen kom først på eit godt innlegg frå venstresida etter eit hjørnespark. Avslutninga med hovudet var god, men på streken stod Branns midtstoppar Jonas Grønner og fekk avverga for bortelaget.

FEST: Det var fulle hus og fest for Hødd-fansen og tilsvarende nedtur for de rødkledde. Foto: Digitalsport

Ti minutt etter, i det 18. speleminutt, var Hødd frampå igjen ved venstrekant Eirik Ulland Andersen. Haugesundaren dribla seg forbi Branns Fredrik Haugen og drog seg inn mot bortelagets 16-meter. Diverre for Hødd var avslutninga frå Ulland Andersen for svak, og gjekk rett på Brann-keeper Alex Horwath.Men Hødds dribleglade kantspelar måtte ikkje vente lenge før han fekk sjansen igjen til å gje Hødd leiinga.

Arkitekten Aursnes

Brann låg kompakt defensivt i dei første 45 minuttane, men sleit med å skape målsjansar. Det blei slått mykje langt, og det som blei produsert av halvsjansar frå bergenslaget var det Kristoffer Larsen som stod bak.

Men etter 33 minutt braut Hødd gjennom Brann-forsvaret på vakkert vis. Ulland Andersen tok med seg ballen ute på Hødds venstreside, og fann Aursnes sentral i banen. På direkten, med perfekt overblikk og vekt i pasningen, fann 19-åringen Ulland Andersen sitt løp i bakrom. Aleine med Horwath gjorde han ingen feil, og plassert ballen vakkert i høgresida bak Brann-keeperen.

Brann-spillerne i aksjon på Høddvoll. Foto: Kenneth Hjelle

Pangopning på andreomgangenFør ti minutt var spelt av den andre omgangen var Ulland Andersen frampå igjen for heimelaget, og auka leiinga til 2-0. Etter ein gigantisk Brann-sjanse der innbyttar Kristoffer Barmen burde utlikna til 1-1, gjekk Hødd rett i kontra. Eit langt oppspel blei vunne av Karlsen. Nedfallsfruka plukka Magnus Myklebust opp, som løfta blikket og fann Ulland Andersen som nok ein gong hadde lurt seg inn bak Branns backlinje.

Ventrekanten var nok ein gong iskald aleine med Horwath og plasserte ballen til høgre for Brann-keeperen.

Aursnes banka inn 3-0

Og i det 67. minuttet kom 3-0-scoringa til heimelaget, og nedsablinga av Brann var eit faktum. Rollene frå 1-0-målet var byta, med Ulland Andersen som tilretteleggar og Aursnes som målscorar. Etter eit langt innkast beit Hødd seg fast oppe på Branns halvdel. Frå venstresida fann Ulland Andersen ein umarkert Aursenes som frå 20 meter fekk tid til å stille inn siktet og skotfoten. 3-0-målet var ei vakker scoring, sjølv om det kunne sjå ut som Horwath burde gjort ein betre innsats på forsøket, var plasseringa og krafta frå Aursnes god, og ballen suste inn i nettveggen.

Etter 3-0-scoringa fortsette heimelaget å køyre over Brann, sjølv om det stod 3-0 og kampen var avgjort. Kristoffer Larsen kom nærast for Brann med eit skot som traff tverrliggaren mot slutten av kampen. Men dette var Hødd sin store kveld, og laget vann fullt fortent 3-0 mot bergenslaget.