Eid var assistenten til Lars Arne Nilsen då Hødd sist slo Brann heime på Høddvoll i cupen i 2012. No styrer den tidlegare Hødd-spelaren skuta på Høddvoll, og seier kveldens bragd på Høddvoll var noko det største han har gjort som fotballtrenar.

– Som hovudtrenar er dette sjølvsagt veldig spesielt. Me har jobba steinhardt lenge og bygd dette laget. Me har hatt trua på at me kan skape eit nytt storlag her, og i dag gjer me ein kjempekamp. Det er ein stor dag, rett og slett, seier Eid til smp.no etter kampen.

Rørt av Ulland Andersen

Eirik Ulland Andersen var saman med Fredrik Aursnes den store spelaren mot Brann mandag. Førstnemnde skada seg stygt mot slutten av fjorårssesongen, og har hatt ein lang veg tilbake til det nivået han var på den gongen.

Eid seier det var rørande å sjå Hødds kantspelar briljere utpå Høddvoll-matta etter å ha vore så lenge vekke frå fotballen.

– Ulland er det ekstremt artig for. Han blei skada i fjor då han var i god form og har jobba knallhardt for å komme tilbake. Det var utruleg kjekt og rørande å sjå at han leverte to mål i dag og spelte ein god kamp. Det unner eg Eirik av heile mitt hjarte, sier Eid.

Sjå heile intervjuet i videovindauga øvst i saka.

VI FULGTE KAMPEN: