Sogndal har vore nokså suverene så langt denne sesongen, og etter ei roleg opning dei første fem-seks minuttane av oppgjeret, viste dei nettopp kvifor dei har vore det.

Først var det ein totalt umarkert Christophe Psychè som fekk heade frå fem meters hald. Men ei svak avslutning med hovudet frå Sogndal sin midtstoppar gjorde at nullen ikkje rauk før ti minutt var spelt denne kampen.

Like etterpå var det ein dobbel-sjanse for Sogndal etter ein ny dødball inne på Hødds halvdel. Først var det nemnde Psychè som kom til ei heading som Hødd-forsvaret såvidt fekk blokkert. Returen var Sogndals kantspeler Babacar Sarr først på, men også han svikta i avslutninga, og ballen gjekk like utanfor stolpen.

Måtte forsvare seg

Og berre få minuttar etter var det Sogndal-spiss Mahatma Otoo som fekk ein gigantsjanse då han blei spelt gjennom i bakrommet mellom Hødds midtstopparar Jesper Törnqvist og Steffen Moltu. Men aleine med Aslak Falch i Hødd-målet klarte ikkje angriparen å få stokka beina, og avslutninga gjekk som hos dei andre, like utanfor stolpen til Hødd-målvakta.

Hødd kom til sin einaste sjanse då Steffen Moltu i opningminuttane av kampen kom først på eit frispark frå Fredrik Aursnes. Returen gjekk ut på 20 meter, der Ulland Andersen stod klar og lada kanona, men diverre for heimelaget gjekk ballen rett i ein Hødd-spelar og ut.

20150921-_SOH0971.jpg

Den første omgangen handla stort sett om å forsvare seg for dei blåkledde, som måtte sjå gjestane frå Sogndal styre mykje av banespelet i den første omgangen.På tampen av omgangen Sogndals Kristian Fardal Opseth til ei farleg avslutning frå ti meters hald inne i Hødd-feltet, men heldigvis for heimelaget small det i nettveggen for sogningen.

Nære på i starten

Før to minutt var spelt av andre omgang var Hødd frampå med sin største sjanse i kampen. Aursnes kom seg fint fri ute på 20 meters hald. Avslutninga frå ungguten var det trøkk i, og Dyngeland måtte gi ein farleg retur som Myklebust var først på. Men vinkelen blei for skrå for Hødd-kanten, og ballen small i metallet på utsida av målet.

Og som i den første omgangen, tok bortelaget etter kvart over banespelet, utan at dei klarte å skape mykje utav det.

Då timen var passert på Høddvoll snappa Ulland Andersen opp ei svak pasning i Sogndal-forsvaret, og hadde plutseleg fri bane mot Sogndal-målet. Men ein jagande Psychè fekk inn ei takling på Ulland Andersen på rundt 25 meter, og stoppa med det ei potensiell Hødd-scoring. Ulland Andersen raste mot dommar Omar Rafiq etter duellen, men fekk ikkje gehør hos kampleiaren.

Misbrukte gigantsjansar

Og med snaue 25 minutt igjen av kampen kom Sogndal og Petter Strand til ein gigantsjanse. Etter eit fint innlegg av Thomas Drage var Strand plutseleg heilt aleine på bakre stolpe. Linjemannen heldt flagget nede, men avslutninga til Strand var alt anna enn god, og ballen forsvant ut på motsatt side av banen.

20150921-_SOH0955.jpg

Like etterpå var det Otoo sin tur til å «brenne» ein kjempemogelegheit for Sogndal. Ei gavepakke av ein pasning frå Steffen Moltu i Hødd sitt midtforsvar sendte Otoo aleine med Falch. Avslutninga frå Sogndal-spissen gjekk via foten til Falch og opp i tverrliggar, før Hødd-forsvaret etter kvart vekk beina ballen vekk.

Sendte Hødd til himmels

Og berre minuttar etter han serverte Otoo ein kjempesjanse, med ti minutt igjen av kampen, fekk Moltu revansjert seg i andre enden. Eit langt innkast frå venstresida blei vakkert heada i mål over ein utrusande Mathias Dyngeland i Sogndal-målet. Det var Moltus andre scoring for sesongen, og den kunne ikkje komme på eit betre tidspunkt.

Og sjølv om Sogndal klarte å sette eit visst press på Hødd i sluttminuttane, kom aldri den heilt store sjansen for laget frå «saftbygda». Dermed endte det med tre svært viktige poeng for Hødd, som nok ein gong meldte seg på i opprykkskampen i 1. divisjon etter 1-0 over serieleiaren.