For berre få minutt før Moltu stanga Hødd opp i 1-0, hadde han eit horribelt tilbakespel retning Aslak Falch. Mahatma Otoo oppfatta situasjonen raskt, og plutseleg var han aleine med keeper. Men ei god beinparade frå Falch hindra Sogndal-spissen. Like etter gjekk Moltu opp og avgjorde kampen.

– Eg var rimeleg klar på at her kan det bli mål, men samstundes veit eg at me har Aslak (Falch) bak der, som er ein matchvinnar. Han er nok like mykje matchvinnar som meg i dag, seier Hødd-helten til smp.no like etter kampslutt.

Sjølv synest han situasjonen gjorde det enno herlegare å avgjere kampen for Hødd.

– Det snur fort frå kamp til kamp, og i sjølve kampane. Den «flausa» der eit par minutt før er nære på, og det burde kanskje blitt 0-1. Då er det sjølvsagt ekstra godt å gå opp å score etterpå, seier han.

LES OGSÅ:

– Ein av dei store oppturane

Moltu synest sigeren over serieleiaren var ein av dei beste opplevingane så langt denne sesongen.

– Dette er ein av dei store oppturane i år. Me får den soleklare serieleiaren på besøk her, og veit det blir ein tøff kamp. Me veit at me kan trekke det lengste strået, og det gjer me i dag, seier han.

20150921-_SOH0955.jpg

Også Hødd-trenar Sindre Eid var godt nøgd med slitesigeren over Sogndal, og synest kampforløpet blei litt som forventa.– Det blei tett og jamt, med mykje duellar og dødballar. Det er to lag som kjenner kvarandre godt. Det blei nok litt fleire sjansar enn eg hadde trudd, men me har ein god keeper og litt marginar med oss. Så får me eit mål på ein dødball på slutten, og då vinn me, seier Eid til smp.no etter kampen.

Han synest laget klarte å heve seg bra etter det som var ein svak førsteomgang frå Hødd.

– Eg synest me blir ligagnde litt langt bak. Men eg synest at etter kvart i førsteomgangen kjem me oss, når me går frå lavt til høgt press. Eg sa til gutane i pausen at me hadde ei stigande kurve i denne kampen, og at dei berre måtte fortsette utover i omgangen. Det synest eg dei klarte, seier han.

Tøffare kamp om stopparplassen

Darnel Situ var for første gong etter overgangen på benken for Hødd sitt A-lag denne kvelden. Moltu er klar på at det no, for første gong på fleire sesongar, er ein solid utfordrar til han og Törnqvist i midtforsvaret.

– Det er klart det har vore ein spesiell situasjon her. Me har vore i snart tre sesongar utan ein reell konkurrent på midtstopparplass. Det er ikkje ein bra situasjon. Eg trur det er sunt å få han inn, seier han.

20150921-_SOH0966.jpg

Moltu har saman med Törnqvist spelt samtlege kampar i denne perioden. No trur han den kanskje utrulege rekka kan ryke utover hausten. – Det kan hende det er like greit at den ryk snart, ler han og legg til:

– Det blir nok ein krig mellom meg og han (Jesper) om kven som mistar den første kampen, seier han.

Hødd-trenaren seier at Situ nærmar seg klar til dyst for A-laget, og at han skal starte for Hødd 2 i morgon mot Sogndal.

– Han kan me få god bruk for utover. Men det er prestasjonane som vil avgjere. Me prøver å la det vera så rettferdig så mogeleg, men me har betre dekning på denne posisjonen no, så får me sjå, seier Eid.