Det er knapt tal på kor mange oppmodinger eg he fenge om å take turen til Byremo og helse på Arthur Stulien. I fylgje toleg truverdige kjelder skulle dette vere ein mann som eg ville like – og ikkje minst trivast i hop med.Ein regnfull haustdag sette eg kursen mot Audnedalen. Heilt uviss på kva eg ville møte. Arthur var førebudd på at eg kom. Det same var Allis. Ei tolmodig sjel som he delt kjøkken og stove med denne rallaren og spelemannen sidan kalenderåret 1958.For å vere på den sikre sida så stoggar eg på bensinstasjonen på Byremo og kjøper meg ein kopp kaffe. Ikkje godt å vete om Arthur he tenkt å servere slikt. Der i huset er dei sikkert meir enn forsynt av pågåande bladfykar. Arthur he tross alt spelt trekkspel frå scena i Den Norske Opera i Bjørvika.

Me møtast i forstava og nevast slik det høver seg når ein er gjest i ein framand heim. Du verden for ein gjestfridom. Det tok ikkje mange minutt før me tala i hop som gamle kjende. På stovebordet hadde Allis dekka på til gjestebod. Kaffe og varm eplekake.

Vanerøykar frå fyrste klasse

Timane gjekk så uendeleg fort. Arthur hadde så ufatteleg mykje å fortele. Minner, og saftige historier, frå eit langt arbeidsliv i lastebilen, på anlegg— og i tunnellar øve heile Sør- Noreg.Den gamle rallaren legg innpå ei ny ladning med Oliver Twist. Rulletobakken he han for lengst pakka bort. Han vart vanerøykar då han gjekk i fyrste klasse på folkeskulen og heldt på med denne styggedomen heilt til både blodpumpa og distriktslækjaren gav beskejed om at no var det nok.

Arthur kom til verda den 17.april i 1924 og er fødd og alen på Stulien, eit småbruk ikkje langt frå Kvåle i Eiken.Alt som 15-åring fekk han kjennskap til gruvedrift og anleggsverksemd. I Nord Audnedal Molybdengruve i Grindheim tok han seg arbeid med å meisle ut Molybden frå gruvesteinen. Med hammer og slegge knuste han steinen som seinare vart pakka i jutesekkar og send med buss til Kristiansand for vidare analyse og vidare bruk. Eit tungt arbeid for ein ung gut. Vekeløna den gong var på snaue 12 kroner.Då tyskarane okkuperte landet, og krigen braka laus, vart Arthur send til Lista med hammer og sag i bagasjen. Tyskarane hadde rekvirert mange hus og uthus på listalandet og desse skulle ombyggjast og innreiast til kontor. Dette var sjølvsagt ei vanskeleg tid. Sjølv om dei fleste tyske soldatane handsama oss greit, så var det nok mangel på mat som var det største problemet.

Terboven på Knaben

Seinare var Arthur med eit arbeidslag til Knaben der okkupasjonsmakta hadde bomba den vesle gruvebyen i fillebitar. Knaben måtte byggjast opp att, stein for stein.

Gruvene på Knaben inneheldt Molybden, eit viktig grunnstoff i den enorme våpenproduksjonen som m.a. tyskarane sjølvsagt var heilt avhengig av på den tida. Så viktig var Knaben, og molybdenproduksjonen, for krigsherrane at sjølvaste Terboven ein dag kom til gruvebyen øvst oppe i dalen for å kontrollere det pågåande arbeidet.

Etter krigen reiste Arthur til Finmark for å take del i oppbygginga av den totalt nedbrente landsdelen. Fyrst tog til Trondheim og deretter 11 døger ombord i ein båt til Hammerfest. Her venta eit enormt arbeid med å byggje nye hus til offera etter tyskarane sine grusome herjinger under krigen.

Langt liv i lastebilen

Allis og Arthur vart trulova i 1957 og berre eit år seinare vart dei for rette ektefolk å rekne. Eit fruktbart ekteskap må ein ha lov til å seie. På stoveveggen heng klåre prov på dette. 8 born kom til verda så raskt og effektivt som det berre let seg gjere. Seinare he det vorte 23 borneborn. Stova må snart utvidast dersom det skal verte plass til fleire bilete. Eg stiller Arthur det heilt naturlege spursmålet om han og Allis he tenkt på å få fleire born. » Det he me ikkje heilt bestemt enno» seier den gamle ringreven. Framleis med glimt i augo. Allis triv tak i strikketøyet og set fart på gyngestolen.

Snart koker ho ein ny kjele med kaffe. Ho flytter på eplekaka og kjem inn med eit nyt fat. Denne gonga med gulrotkake. Velsmakande og rykande fersk. Eg skjøner eg he kome til eit verkeleg mathus. Ein gjestfri heim der dei er vande med å take i mot vegfarande og gode vener.

Arthur Stulien er verkeleg komen på glid. Han he ikkje tid til å svelgje korkje eplekake eller gulrotkake. Oliver twist er så mykje meir høveleg når ein skal oppsummere eit langt liv i lastebilen. I tunnellane på Rjukan, i Stavanger – eller i Hallingdal.

Eg ber Arthur fortele eit grann om livet som anleggsarbeider. Han ser bort på Allis, skrur opp volumet på høreapparatet, blunkar eit par gonger med det venstre auget, og spør varsamt om ikkje ho vil take seg ein tur øve tunet til naboen. Låtten ljomar i stova på Byremo. Truleg kunne Tønes, ordføraren, høyre oss langt der borte i Selandsdalen.

Snåsamannen og trekkspelet

Heile familien Stulien er musikalske, og vel så det. Alle dei 8 borna etter Arthur og Allis er levande opptekne av song og musikk.

Ein eldre bror kjøpte eit trekkspel for 66 kroner, på avbetaling, då Arthur var 7 år gamal. Snart lurte ungguten seg til å prøve spelet. Dette var byrjinga på ein livslang kjærleik til trekkspelet. Han kjøpte sjølv sitt fyrste trekkspel på Hønefoss i 1953, og prisen den gong var heile 1 918 kroner. Arthur he eit minne som ein moderne EDB-maskin.

Stundom kjem Allis inn med ein replikk for å justere eit grann. Berre små justeringer. Arthur likar det ikkje, men let det likevel ikkje vere noken som helst tvil om kven som er sjefen i stova. Han skryt stadig, med rette, av den gilde kona. "Eg he hatt eit rikt og flott liv. 8 born og 23 borneborn – og Allis."

Trekkspelet he vore ein viktig del av livet til Arthur Stulien. Ein hobby, men så langt frå noke levebrød. Han meiner sjølv at det er mykje likskap med han sjølve og Snåsamannen nettopp der. Ingen av dei he tent penger på det dei held på med på fritida.

Karriera nådde eit absolutt høgdepunkt då han for ei tid attende, i hop med Lindesnes Trekkspillklubb, fekk spele frå hovudscena i Den Norske Opera i Bjørvika. Allis smiler, og nikker samtykkjande, då eg spør om ho ikkje var stolt av mannen då han fekk ståande applaus frå ein fullsatt operasal. "Jøsses, det var då gildt", seier husbonden. — Det he du aldri sagt før.

Dei he sin eigen måte å kommunisere på. I botnen ligg ekte kjærleik, eit livslangt venskap og ein ungeflokk dei er så uendeleg stolte av båe to. Både sjefen og Arthur.

Heile 6 gonger he Arthur Stulien vore i Dakota og spelt trekkspel på Norsk Haustfest. Minnerike turar som han meir enn gjerne fortel om. Det er då eg skjønar at eg heller skulle ha skrive ei bok om denne karen. Ikkje berre ein avisartikkel på glansa papir.

Arthur set seg attmed kjøkkendynna. Trekkspelet er aldri langt unna. Snart ljomer «Livet på Finnskogen» i den koselege stova. Denne melodien he han spelt tusenvis av gonger. Eit folkekrav når han sit på scenekanten. I rampeljoset. I operaen, på ungdomshuset, eller i North Dakota. På mange måter ein kjenningsmelodi.

Vener for livet

Det vert ofte lange dagar og seine kveldar når eg krysser kommunegrensene i Indre Agder med skriveblokka og fotoapparatet som trugne følgjesvener.På leit etter gilde folk, gjestfrie folk- og ei god historie. Stundom fær eg høyre at no er vel snart intervjuobjekta oppbrukte – og at eg skriv berre om det som er positivt.

Eg bryr meg ikkje om slikt. Det er nok av elende, ulukker, sorg og vondskap i verda. Det kan alle andre skrive om. Livet er for kort til å bruke tid på vrantepeisar, avundsjuke og meiningslause nabokranglar om elgjakt, eigedomsgrenser og skogsbilvegar.Drivkrafta er å møte ærlege, jordnære folk som he ei livshistorie å fortele. Folk som eg kanskje aldri he møtt tidlegare men som i ettertid he synt seg å verte blant mine beste vener.

Vener for livet.

Eg møtte to slike på Byremo denne ettermiddagen, og kvelden. Arthur og Allis.

91 år

Dette intervjuet vart gjort for ei tid attende, men den venesæle trubaduren frå Byremo he framleis livsmot, godt humør og glimt i augo. Båe augo.

17. April fyllde Arthur Stulien 91 år.

Same dagen hadde dottera hans, Inger Lise Stulien, plateslepp for den nye plata hennar, “Minnebok.”

Kven andre enn gamlefar sjølve, Arthur Stulien, spelar trekkspelsolo på nettopp denne plata …