Svein Salve Lislevand frå Moisund tilhøyrer ein sjeldan og utryddingstruga rase. Han he få, om nokon, yrkesbrødre og han lever eit einsamt liv blant hogstmogen furuskog i Dåsvassdalen og stundom blant krokute osperønninger på Fennefoss.

Ein sjeldan rase

Svein Salve er lastehoggar av den gamle slagen. Ein sjeldan rase. Med motorsaga som trugen fylgjesven høgg han omlag 1000 kbm med tømmer kvart einaste år.

På velteplasen stend ein velbrukt traktor med tilhøyrande Iglandsvinsj. Eit vanleg syn på gardane i indre Agder for 20 år sidan.

Snart må du på Skogbruksmuseet på Elverum for å finne maken. Ikkje vanleg handelsvare korkje hjå Felleskjøpet eller Maskinsalg.

Gummistøvler nr 49

Kvar einaste vinter sidan slutten av 80-talet he Svein Salve drive på med denne ekstremsporten. Medan andre moderne skogsentrepenørar set seg inn i oppvarma førarhus med tilhøyrande internett, termostatstyrt varmeomn— og fargefjernsyn så dreg Lislevand på seg gummistøvler nr 49, stillongs og ullvottar. Han vert på mange måtar uvel i heile lekamen, hovudet spesielt, når han ser ein moderne skogsmaskin.

Lislevand meiner det er viktig at kvar einskild skogeigar fær eit meir nært tilhøve til eigen skog, og til dei verdfulle ressursane han rår over. I dag tingar skogeigaren tømmerdrift gjennom datamaskinen- og når drifta er ferdig så kjem oppgjeret beinveges i banken, berre med eit lite signal på denne same datamaskinen.

«Tid og penger, stress og mas – ei uåneleg tid» kjem det frå den lange hengslete lekamen borte i omnskroken.Han steiker osteskjeve og skuffekake beinveges på vedomnen inne i den vesle arbeidsbrakka.Dei skarpe, myrke augo lever sitt eige liv 201 cm øve solen på gummistøvlane. For å finne hårfestet må du klive 3-4 cm høgare. Ein velvaksen kar med andre ord. Høgreist, velfødd og breiskuldra.

- Ei himla stor og fin furu

Det er fleire årsaker til at skogeigarane ved einskilde høve vel å satse på manuell skogsdrift framføre tunge skogsmaskinar.I bratte lier, som t.d. på Fennefoss, er det heilt uråd å kome fram med store hogstmaskinar og tunge lassberarar.Når det er tale om små drifter, på t.d 200-300 kbm, vert det og for kostbart dersom skogsentrepenørane skal flytte heile maskinparken for eit slikt lite oppdrag.

Kvar einaste vinter er Svein Salve i Dåsvassdalen og høgg tømmer for sambygdingen og sauebonden Eivind Odd Kallhovd. To karar som trivast umåteleg godt i lag. «Når det stundom skjer at eg høgg ei himla stor og fin furu, ja då sender eg bod etter min gode ven Eivind Odd. Då fyrer me opp kaffebålet, smeiker trestammen, faldar hendene, tyggjer på borken - og nyt stunda.»

Umåteleg gild gut

I sumarhalvåret driv Svein Salve på med linerydding for Agder Energi – eller han rydder busker og kratt attmed riksvegen. I tenste for vegstellet. Det norske. Han vert aldri arbeidsledig, og det må han heller ikkje verte. Den lange lekamen, og det bustute hovudet, er ikkje laga for eit liv på sofaen eller i campingstolen.

Treng du naudsynt hjelp til å felle eit tre i hagen, attmed husveggen- eller på nabogrensa, ja då er det berre å ringe etter Lislevand.Lastehoggaren med totromla Iglandsvinsj, motorsag og landbrukstraktor. Ein sjeldan rase. Ein heilt spesiell mann. Ein umåteleg gild gut.