- Livet er eit lotteri, og diverre så var det ikkje min tur til å trekkje vinnarloddet denne gonga .

Vegard Moi kom til verda ein solrik ettermiddag i april 1983. Same året som Kåre Willoch skipa til regjering, den fyrste hjartetransplantasjonen vart utføret i Noreg og same året som CD-platene kom i handelen her i landet. På bokhandelen på Evje medrekna.

Vegard fekk ein tøff start på livet. Ein diagnose som du truleg må ha medisinsk embetseksamen og godt leseljos for å skjøne noke som helst av. Me kokar det heile ned til Vegard sine eigne ord:” Det er ei eller anna feilkopling med genane .”

Meltingsorgana var beint fram heilt i ulage. Fram til han var 16 år gamal fekk Vegard maten servert gjennom ein sonde, ein plastslange, som vart montert beinveges inn i magesekken. Ryggen vart krumbøygd, han mangla eit par tær på høgre foten – og det var samstundes vanskeleg å telje til ti når han heldt opp båe hendene. Talet på fingre stemmer ikkje heilt med fasiten i tilgjengelege medisinske leksika.

Ein tøff oppvekst med uendeleg mange gjestedøger på ulike sjukehus i helseregionen. Eit godt liv

I dag er Vegard ein aktiv, oppegåande og særs samfunnsengasjert ung mann. Busett i eigen bustad, eit stutt steinkast unna den travle handlegata i Evje sentrum. Bil i garasjen – og kjendisstatus i eigen røystekrins.

Han takkar Vår Herre, gode vener — og ikkje minst omsorgsfulle og venesæle foreldre for at han i dag lever eit godt liv.

Alle he krav på eit verdfullt liv

Vegard nøler ikkje eit einaste sekund med å omtale seg sjølve som funksjonshemma. Han er, utan atterhald, heilt viss på sin eigen livssituasjon. I møte med det offentlege byråkratiet – og i møte med offentlege tenestemenn opplever han likevel at han stundom vert sett i bås. Det han kallar respektlaus handsaming av folk med ulike slag av funksjonshemming høyrer ikkje heime i eit moderne og opplyst samfunn som vårt.

— Alle he krav på eit verdfullt liv, seier Vegard som nyleg he sendt eit kvasst brev til arbeids- og sosialminister Robert Eriksson. Avsendaren i Kinoveien 4 på Evje var klinkande klår i bodskapen til statsråden. Ein bodskap med fagleg innhald – men samstundes heilt utan filter.

Vegard venter framleis på svar.

— Typisk FrP , seier den unge sosialdemokraten, med glimt i augo.

Håndbak med Hareide

Vegard Moi he eit sosialt nettverk som mange sambygdinger berre kan sjå langt etter. På Løvebakken, i korridorane i sjølvaste Nasjonalforsamlinga, er Vegard ein kjend mann. Her vitjar han stundom sin gode ungdomsven, den vidgjetne tingmannen Kjell Ingolf Ropstad. Dei to gutane vaks opp i same grannelaget– og båe gjennomførte samstundes eit langt og omfattande studie på sundagsskulen på Moisund. Her lærde dei folkeskikk. Her lærde dei om livet.

Frå truverdige kjelder fær ein stadfesta at dei to sambygdingene er kvarandre sine politiske rådgjevarar. Dette er m.a. ein nyttig kanal, ein nyttig rådgjevar, for Ropstad når han stundom møter motbør i tingsalen. Då fyllast brått luftromet mellom Løvebakken i Oslo — og Kinovegen på Evje av målretta tekstmeldinger. Eit politisk spel mellom gode vener.

Vegard minnast og godt då han og Knut Arild Hareide møttast til holmgang på Stortinget.– Me lurte oss ned i kapellet og braut handbak. Eg vann – Knut Arild var nok eit grann nervøs. Sjølv om åstaden var kristeleg nok var vel ikkje dette heilt i tråd med korkje truvedkjenninga eller KrF sitt partiprogram.

Ein "ordentleg jobb"

Etter folkeskule, vidaregåande skule og folkehøgskule he Vegard prøvd seg i ulike arbeidssituasjonar. Utfordringene er store. Den vesle lekamen på snaue 40 kilo set sine heilt klåre grenser. Ofte vert det utplassering på midlertidige og tilrettelagte arbeidsplassar. Løna vert utbetalt gjennom NAV-systemet, og ein føler seg difor meir som ein sosialklient enn som ein arbeidsmann.

— På sikt så ynskjer eg meg ein ”ordentleg jobb”. Ein jobb kor eg fær løna utbetalt av arbeidsgjevar kvar månad. Fyrst då vil eg kjenne på at eg er ein normal arbeidstakar.

Vegard er ikkje bitter. Han er ikkje vonbroten. Vegard er derimot ein ung medveten mann som ser store utfordringer i kvardagen. Ikkje berre for seg sjølve – men for tusenvis av menn og kvinner i Noreg som høyrer til i den same offentlege arkivskuffa som Vegard Moi. Rørslehemma – men likevel med eit krav, og eit inderleg ynskje, om ein god og meiningsfyllt kvardag. I arbeidslivet medrekna.

Det var truleg ikkje heilt tilfeldig at det var i stova til Vegard at tidlegare sosialminister Dagfinn Høybroten søkte ly då han for nokre år sidan var på signingsferd i Setesdal.

Her fekk han klåre meininger, gode innspel – og faglege råd. Servert på sylvfat. Heilt utan filter.

Eigen bustad

- No er det på tide å byte ut ordføraren vår, Bjørn Ropstad, seier Vegard og plantar neven i bordplata. - 16 år er nok i ordførarstolen. No er tida mogen for Line Vennesland (Ap).

Som trugen, og skreven, sosialdemokrat meiner han at bygda no treng nye krefter og ein ny kurs.

Dette er likevel ei sak han så langt ikkje he diskutert med ordførarsonen, og stortingsmannen, Kjell Ingolf Ropstad. Lærdomen frå sundagsskulen, Tredje Mosebok 19:18 , set ein stoppar for slikt.

Sjølv om ikkje Vegard trakk vinnarloddet så gjentek han stadig at han he det så uendeleg godt. Han er glad for at han fekk moglegheiten til å flytte inn i eigen bustad.

— Berre slik kan eg verte sjølvstendig. Berre slik kan eg planleggje ferda vidare på livsvegen. Du veit foreldra har ein ikkje evig. Slik er livet for oss alle. Ein må vere førebudd, i alle livets faser.

— Folk lyt respektere meg for kven eg er. Eg kan ikkje gå rundt og spele skodespel. Eg er berre slik – og vil berre vere slik. Vinnarloddet var det andre som reiste med. Eg blir likevel skuffa og lei meg, ja beint fram vonbroten, når einskilde åtvarer meg om at eg må leggje om kursen eit grann slik at eg ikkje vert omtala som ein ”bygdeklovn.” Kvifor i all verda skal eg take på meg ei maske i kvardagen. Det er då inga meining i at alle skal vere like. Ingen er like – og eg er meg sjølve.

Ei dugande kjerring

— Forresten, seier Vegard, medan eg kler på meg lusekofta og vinterskorne for å dra i heimveg.

— Eg manglar eigentleg ei dugande kjerring. Det stend langt oppe på ynskjelista. Nå må ikkje dette sjå ut som ei kontaktannonse – men du skjønar kva eg meiner dersom du råkar ut for eit lageleg emne….

Mannen er kjekk, stova er romsleg – og hjarterom er det meir enn nok av hjå Vegard Moi.

Det meste ordnar seg for gilde gutar. Livet er eit lotteri – med både små og store gevinstar.