Alf Holmelid

Denne reduksjonen på 4,4 prosent er den største i Norge. Fylket falt frå ellevte til femtande plass når vi rangerer etter kor stor del av befolkninga mellom 15 og 74 år som har jobb. NHO-direktøren på Agder åtvara om at dette berre er starten. Men elles har det vore få kommentarar. Er det ikkje snart på tide å ta seg på tak og setje inn både kortsiktige og langsiktige tiltak som kan snu denne utviklinga?

Sårbare for konjunkturar

Agder har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, ikkje minst på grunn av kraftig vekst i sysselsettinga i leverandørindustrien til oljesektoren. Men eit næringsliv som er så sterkt dominert av ein bransje, gjer oss sårbare for konjunkturar og strukturelle endringar. Det ser vi til fulle i desse dagar. SV har prøvd å sette dette spørsmålet på dagsorden og diskutere korleis vi kan skape eit meir robust og allsidig næringsliv, men vi har så langt fått lite respons. No er det på tide å sjå alvoret.

Mykje kan også gjerast lokalt.

Den situasjonen vi står oppe i, krev både kortsiktige og langsiktige tiltak. Det vi ser konturane av, er ikkje berre ei konjunkturkrise som eksportindustrien er vant med. Vi står overfor store strukturelle endringar der det grøne skiftet med omlegging til eit meir miljø— og klimavennleg samfunn er ei dominerande drivkraft. Derfor må vi velje kortsiktige tiltak som er effektive og skaper arbeidsplassar raskt, men som samtidig legg grunnlaget for framtidsretta arbeidsplassar med perspektiv utover oljealderen.

Satse på energiøkonomisering

Regjeringa må snarast komme på bana med strakstiltak som dempar effekten av den sterke reduksjonen i tale på arbeidsplassar i oljesektoren. Kommunane må få styrka sin økonomi for å satse på energiøkonomisering, rehabilitering av bygg, investering i vatn og avløp, kollektivtransport og sykkelvegnett, samt å ta inn fleire lærlingar. Tale på studieplassar må aukast, og det må lagast gode ordningar for dei som vil vidareutdanne seg eller omskolere seg.

Den situasjonen vi står oppe i, krev både kortsiktige og langsiktige tiltak

Mykje kan også gjerast lokalt. Kommunane og fylkeskommunen må ta fram prosjekt som kan skape oppdrag for næringslivet. Samtidig må det stillast strenge krav for å unngå sosial dumping og for å skape fleire læreplassar. Universitetet i Agder og fylkeskommunen med sitt ansvar for vidaregåande opplæring, må samarbeide med arbeidstakarorganisasjonar og næringslivet for å skape gode utdanningstilbod tilpassa den akutte situasjonen.

Men kortsiktige stimuleringstiltak løyser ikkje problema på lengre sikt. Vi må samtidig satse på langsiktige tiltak som legg til rette for det grøne skiftet og eit meir allsidig og robust næringsliv. Her er kompetanse og innovasjon sentrale nøkkelord. Med sine kompetansefond, med sine forskings- og utdanningsinstitusjonar og med sitt kompetente næringsliv har Agder eit godt utgangspunkt. Men omstillinga kjem ikkje av seg sjølv, eller ved hjelp av marknadskreftene åleine slik høgrefolk likar å tru.

Må bli ein teknologiregion

Mange har i det siste sett på Sørlandet som ein oljeregion. Men det er viktig å halde fast på at vi er og må bli ein teknologiregion i langt breiare forstand. Då legg vi grunnlaget for å bruke verdsleiande kompetanse på nye område som fornybar energi og miljøvennleg industriproduksjon. Dei unge har sett dette. Universiteta i Trondheim og Stavanger har registrert kraftig nedgang i søknaden til oljerelaterte studium. Universitetet i Agder har derimot eit teknologistudium, mekatronikk, som i dag utdannar mange til oljesektoren, men som har eit langt breiare perspektiv. Her har ein ikkje merka den same tilbakegangen.

Men det er viktig å halde fast på at vi er og må bli ein teknologiregion i langt breiare forstand.

På Vestlandet ser vi teikn til at den oljerelaterte offshoreindustrien går inn på nye område. Nettverket Maritime CleanTech har skapt eit miljø som medverka til å utvikla den første elektriske ferga. Det er ingen grunn til at vi ikkje kan vere like offensive på Agder, snarare tvert i mot. Vi bør og kan bli den leiande teknologiregionen for miljøvennleg og berekraftig teknologi. Eydenettverket sin status som senter for berekraftig prosessindustri er eit godt eksempel. Med våre regionale fond bør vi kunne legge grunnlaget for ei slik utvikling.

Risikovillig kapital

Skal vi skape nye arbeidsplassar og eit allsidig næringsliv, trengst det innovasjonsfremmande miljø og risikovillig kapital i tillegg til kompetanse. Undersøkingar viser at mange gode idear og spennande prosjekt stoppar opp før dei blir prøvd ut i full skala. Agder må no komme på bana for å få eit såkornfond på linje med andre landsdelar. Her må politikarane og investormiljøa på Agder ta ansvar og sikre at Sørlandet ikkje blir forbigått på nytt.

Den situasjonen vi står overfor, er kritisk, og den kan bli verre. Men det er fullt mogeleg å dempe dei kortsiktige problema dersom politikarane sentralt og lokalt handlar raskt. Og dersom vi vel dei riktige tiltaka og tenkjer langsiktig, så kan vi samtidig legge grunnlaget for eit framtidsretta og robust næringsliv for eit miljø- og klimavenleg samfunn.