Dei fyrste jordbæra er teiknet på at nye og friske produkt frå sesongjordbruket vårt er på marknaden, og såleis er denne produksjonen viktig for svært mange, både forbrukar, seljar og ikkje minst for jordbærbonden.

Avlingane øydelagde

I aviser og andre media har det vore stort fokus på korleis jordbærsesongen i sørlege deler av landet vårt har svikta, og mange jordbærdyrkarar har fått avlingane sine øydelagde av regn og rote. Den store mediainteressa avspeglar kor viktig denne produksjonen er. Det faglege arbeidet, og gråskimmelproblema let me liggja i dette brevet, andre og kanskje meir framtidige problem får merksemda.

Det endra sommarklimaet vil ikkje berre skapa vanskar for frukt— og grøntprodusentar, men også påføra jordbruket store vanskar i det stadig meir mekaniserte jordbruket vårt.

Dersom me ser for oss at me er inne i ei klimaendring, menneskeskapt, eller som del av ein syklus, der regn og fuktig ver vert meir vanleg hjå oss i sommarhalvåret, bør ikkje då jordbruket og myndigheiter på alvor gå inn i ein slik problemstilling? Det endra sommarklimaet vil ikkje berre skapa vanskar for frukt- og grøntprodusentar, men også påføra jordbruket store vanskar i det stadig meir mekaniserte jordbruket vårt.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil med dette føreslå at tapet som mange jordbærprodusentar i Sør-Noreg har opplevd dette året, blir sett på som ein klimaskade. Dersom det er vilje til å handsama den øydelagde jordbærsesongen som skade etter ekstraordinære nedbørsmengder over lang tid, vil myndigheiter og jordbruksorganisasjonar ha høvet til å tildela midlar til skadelidne jordbærprodusentar etter ordninga «Erstatning ved avlingsskade».

Klimarapporten

Denne ordninga er omskriven på side 12 i jordbruksavtaledokumentet for 2016/ 2017. For ordninga er det utbetaling med grunnlag i eigenrisikoandel på 30 % pr vekstgruppe. Det står vidare at maksimal utbetaling er kr 750.000 per vekstgruppe. (definisjonen vekstgruppe er som for vekstgruppe til produksjonstilskot.)

Vidare er det i vedlegg til avtaledokumentet, «Budsjettoversikt for jordbruksoppgjeret», budsjettert med ei overslagsløyving på 43 millionar kroner for erstatningsordninga. Overslagsløyving er vel ein tenkt sum ut frå røynsle med denne ordninga. Det er etter kvart mange ting som peikar på at samfunnet vårt, der jordbruket sitt samfunnsansvar mellom anna er å produsera mat, bør auka denne budsjettposten til erstatningar.

Klimagruppas leiar, Erik Eid Hohle, meiner også at det skadebiletet vi nå ser er ein klimabetinga skade.

Klimarapporten som vart framlagd 19. februarsist år frå ei partssamansett gruppe, på oppdrag frå regjeringa og Stortinget etter jordbruksoppgjeret 2014, peikar mellom anna på korleis eit endra klima vil innverka på vårt jordbruk, negativt- og positivt. Klimarapporten seier og ein del om at samfunnet vårt må ta inn over seg klimaendringar i ein matvaresituasjon. Klimagruppas leiar, Erik Eid Hohle, meiner også at det skadebiletet vi nå ser er ein klimabetinga skade. Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også :

Les også :

Jordbær er ikkje basismatvarer som korn, kjøt, mjølk mm., men at landet vårt har produsentar innan ulike produksjonar som har som oppgåve å forsyna landet med jordbruksprodukt, er overmåte viktig. Når risikoen for nokre vert for stor, vil me på sikt missa eit produksjonspotensiale som kun blir erstatta med importvarer innanfor same gruppe. Tapet for jordbruket vert då openberr. At produksjonsmåten vil endra seg ein del som fylgje av klimaskadane jordbærprodusentane opplevde i sommar, er nokså sikkert. Men i lang tid framover vil jordbær på friland framleis vera det mest vanlege.

Erstatning ved avlingssvikt

Etter frukthausten 2015 var det for mange fruktprodusentar på Vestlandet bruk for ordninga «Erstatning ved avlingssvikt». Utbetalingar kom til ein del av dei som søkte. Gjennomgåande for ordninga er at kravet til dokumentasjon frå søkjarane er svært stor. Sakshandsaminga i forvaltinga kan for nokre synast å vera i «hardaste» laget. Ordninga er til for dei som opplever avlingssvikt ut over 30 %, og hovudmålet til sakshandsamar er truleg ikkje å verka avskrekkande på søkjar, slik ein del opplevde det.

Når risikoen for nokre vert for stor, vil me på sikt missa eit produksjonspotensiale som kun blir erstatta med importvarer innanfor same gruppe.

I framtidige samtalar om utviding/ tidstilpassing av ordninga må ei erstatningsordning vera ei reell hjelp for dei bønder som opplever avlingssvikt— og skade.

Les også :

Dette skrivet omhandlar i hovudsak situasjonen for jordbærprodusentar i sørlege deler av landet vårt sesongen 2016. Norsk Bonde— og Småbrukarlag oppmodar med dette avtalepartane i jordbruket til å sjå på deira situasjon med eit klimablikk som tek inn over seg ein situasjon som vil oppstå oftare i framtida.

Klimatiske endringar

At deler av det landbrukspolitiske Noreg meiner at dei store strukturendringane som skjer i landbruket er positive, kan vel ikkje for fullt tolkast slik at kvar jordbrukar er sin eigen «lukkesmed», og på den måten alltid må stå ansvarleg når matproduksjonen slår feil på grunn av klimatiske endringar, om det er for mykje regn til feil tid, storm eller unormale temperaturar i ein viktig fase i produksjonen. I eit slikt jordbruk vil fallhøgda vera stor. Faren for at samla matproduksjon går ned er og større dersom samfunnet ikkje lagar til ordningar som er klimatilpassa, og der bonden alltid må bera det fulle økonomiske ansvaret etter klimaskadar.