Stadig færre kommunar ser dette som særleg fornuftig, og sjølv tidlegare ivrige tilhengjarar begynner å gå lei. Årsaken til dette er rett og slett at reformprosessen er dårleg planlagt og slett gjennomført av regjeringa.

Regjeringa har lova nokre gulrøtter, eit titals millionar i eingongsstøtte. Når vi sit og skal sjå på nytteverdien av kommunesamanslåing i langsiktig perspektiv er det hyggeleg, men lite avgjerande. Samtidig seier regjeringa at det kjem eit nytt inntektssystem, men er mildt sagt lite konkrete på kva det inntekssystemet kjem til å innehalde.

Kommunar skal altså ta eit veivalg utan å vite kva økonomiske rammevilkår vi skal ha før etter at veivalget er tatt. Rett nok må vi alle leve med at verden endrar seg, men kva er det som hastar slik når vi på død og liv skal gjere vedtak før ei lova avgjerd kjem?

Delegerast til større kommunar

Visjonen var at store og viktige oppgaver skulle delegerast til større kommunar. Oppgavemeldinga er i så måte ein fiasko. Enten er det småtteri utan betyding — som den velkjende vigselsretten, eller det er overføring av forvaltningsoppgåver der lokaldemokratiet ikkje betyr noko - som tannhelsetenesta, eller det skal utgreiast vidare. Og minimalt skal ut frå stat, mest frå fylkeskommune til kommunar.

Store vyer men lite konkret. Ingen kommuner slår seg saman på grunn av dette.Bare dei mest ivrige reformtilhengjarane meiner verkeleg at det blir betre demokrati når fleire skal stemme på færre. Maktoverføring frå stat til kommune kunne ha endra på det, men den maktoverføringa er det bare retorikken igjen av.

NHO går inn for storstilt kommunereform med liv og lyst, men NHO tenkjer bare næringsutvikling og planlegging av store samfunnsprosjekt. Når NHO legg fram eit kart med 77 nye kommunar der spriket er frå Setesdal med under 7000 innbyggjarar (takk for tilliten) til gigantkommunar rundt Trondheim og Bergen, då er det ikkje skule— og barnehagstruktur som er i fokus.

Kva som er målet?

Det synes som både regjering og reformtilhengjarar ikkje har gjort seg opp ei meining om kva ein kommune er, og kva som er målet med reformen. Kan Setesdal greie seg, kvifor kan då ikkje andre kommunar med liknande storleik greie seg?

No skal kommunane, enten i haust eller til våren, velje om vi skal gå saman med nokon av naboane. For nokre kan det vere interessant å gå saman med naboane ut frå eigne lokale forhold. For dei fleste andre kan det vere like greit å la det vere. Det er stortingsval alt i 2017, og med manglande breitt forlik om kommuneøkonomi og oppgavefordeling veit vi lite om kva forutsetningar vi skal halde oss til frametter.Det er beint fram fantastisk at ei regjering kan leggje opp til å reformere kommunenorge, å peise på for å få endra kommunestrukturen utan at dei greier å gje lokalpolitikarar og innbyggjarar nokonlunde sikre forutsetningar for oppgåver og økonomi før vi skal ta eit så viktig valg.

Slikt er dårleg politisk handverk.

Sammensurium

Norge har surra seg inn i eit uoversikteleg sammensurium mellom våre tre forvaltningsnivå. Ein bør ha lang fartstid for å vite når stat, fylkeskommune eller kommune har ansvar. Dei store reformane, NAV og sjukehusa, har ikkje gjort det enklare. Større einingar har det blitt, men det er vanskeleg å argumentere for at det har blitt særleg betre for folk — eller «brukarane» som staten meiner vi skal kalle folk.

Og statsbyråkratiet veks og veks.

Vi treng ei opprydding. Partia på stortinget må setje seg saman og få til eit breitt forlik om oppgåvefordeling mellom forvaltningsnivåa. Det må leggjast press på statsbyråkratiet slik at det blir reell flytting av makt ut til lokale folkevalde organ. Inntektssystemet må leggjast klart slik at vi veit kva vi har å halde oss til med økonomien.

Så kan vi snakke struktur og grenser mellom fylke og kommunar.