Det falt han ikkje inn å sjå det positive i at vår politikk får breitt gjennomslag og blir plukka opp av andre parti i tur og orden. Det falt han heller ikkje inn å analysere den krevjande utfordringa det er å vere eit pionerparti samtidig som ein tar makt og ansvar i regjeringsposisjon.

SV sin skolepolitikk

Det er ikkje mange år sidan dei fleste både i politikken og i media vekselvis gjekk til angrep på og harselerte med SV sin skolepolitikk. Eit lite søk på nettet gir tallause eksempel. Men i dag står partitoppane fram på rekke og rad og hyllar dei velkjente SV-forslaga, og media har «gløymt» kven som kjempa dei fram. I klimapolitikken har SV i mange år løfta fram debatten om grøn omstilling og kva vi skal leve av etter olja. No har til og med Erna Solberg forstått alvoret.

Men i politikken kan ein ikkje kvile på sine laurbær. SV frontar også nye saker. Forslag om auka lærartettleik og ein utvida skoledag utan heimelekser skaper debatt og møter motstand frå dei andre partia. Det same gjer kravet om å satse på dei tilsette og deira fagkompetanse i staden for storstilt kommersialisering av offentlege tenester. I miljøpolitikken frontar vi grøn transport og grøn næringsutvikling, og vi utviklar ein grøn politikk som bygger på at miljø og rettferdig fordeling er gjensidig avhengig av kvarandre. Vi treng ein debatt med basis i både den raude og den grøne tradisjonen, både miljørørsla og arbeidarrørsla.

Alternativ politikk

SV får kritikk fordi vi frontar ein raus asyl— og flyktningpolitikk og ikkje sluttar oss til den breie alliansen med dei blå. Men å ta ansvar er ikkje alltid det same som å sikre seg ein plass i fleirtalet. Enkelte gonger må nokon ta ansvar for å gi stemme til dei som brenn for ein alternativ politikk. Nyleg fekk standpunkta til SV støtte frå ungdommar på AUF sin sommarleir på Utøya. Vi må våge å diskutere asyl- og flyktningpolitikken som er ei av vår tids største utfordringar og ikkje legge lokk på debatten med talltriksing og krav om konsensus.

I motsetning til Fædrelandsvennen så gler vi i SV oss over at vår politikk får gjennomslag på stadig fleire frontar. Og vi ser fram til friske kampar om nye tiltak for å møte nye utfordringar. Meir enn nokon gang treng vi ny politikk som kombinerer det raude og det grøne, ikkje minst i det mørkeblå Kristiansand og det like mørkeblå Vest-Agder. Vi ser gjerne at Fædrelandsvennen engasjerer seg i den debatten.