Mor mi, som budde i Bergen, vart i si tid flytta til ein sjukeheim midlertidig borte frå sitt nære nettverk. Ho var fornøgd med det, og visste ho ville kome nærare sitt nettverk, noko som skjedde etter ei tid. Alternativet ville være at hun måtte bo aleine i leiligheten uten tilstrekkelig faglig hjelp.

Når det gjeld eksemplar på eldre lokalt, vil eg ikkje gå inn på det her, men de kjenner nok betre til vedkomande sin situasjon enn eg. Og eg har ikkje vanskar med å forstå ein slik vanskeleg situasjon.

Poenget mitt var at vi går inn i ei tid med stadig fleire eldre, og at dette krev god organisering og samarbeid på tvers av bygd og by. Når det gjeld Kleplandstunet, og kva tilbod dei kan gi, så må dei svare for det. Det er jo eit tilbod som ligg der i dag, og som berre helsepersonell kan vurdere kva er godt nok for.

Når det gjeld lokaldemokrati har eg prøvd svare så godt som muleg på kva eg meiner om det i min kronikk. Det er ikkje berre folkerøysting, men at politikarar skal avgjere spørsmålet på eit breitt grunnlag, av Statsforvaltaren si utgreiing, politiske drøftingar og folkerøysting. Då må og ei folkerøysting organiserast på demokratisk vis, ved ei brei høyring frå folket.

I § 10 i Inndelingslova står det at folket skal høyrast. Kven er folket i Kristiansand? Kva heiter kommunen vi bur i? Folket er ikkje berre Søgne og Songdalen. Det er berre 13% av innbyggarane. I Ålesund la dei stor vekt på ei brei høyring. I Kristiansand vil regjeringa, og «Vi som vil ha Søgne tilbake» ha ei smal høyring. Kvifor? Det er udemokratisk. No må vi sjå framover.

Til spørsmålet om lokaldemokratiet i 2017, så har eg skrive om det før. Her ligg det ulike meiningar om korleis vedtaket i Songdalen skal tolkast. Vi må berre konstatere at vi er usamde. Ei folkerøysting i 2024 egnar seg ikkje for å avgjere ein opplevd urett frå deler av ei bygd. Det får regjeringa spørje Stortinget om.

Det som skil mitt syn frå dykkar i spørsmål om folkerøysting, er at eg har eit meir tradisjonelt syn på saka, og meiner vi må sjå på ei slik folkerøysting som rådgivande, ikkje bindande, slik kommunalministrane har lagt opp til. Viser elles til min kronikk i VG 10.11.23, «Aktivistisk bruk av folkerøystingar».

Det er behov for eit meir kritisk blikk på ei folkerøysting enn kva regjeringa har lagt til grunn, for at den skal halde god kvalitet. Kva kriterier som skal leggast til grunn, veit eg gode politikarar lokalt arbeider seriøst med. Mine tankar om dette i kronikken i Fvn, var berre forslag, og at om vi ikkje finn eit meir demokratisk gyldig utgangspunkt for tolking av folkerøystinga, enn regjeringa føreslår, vil vi hamne i same harmfulle hengemyr, som den vi har fått etter 2017.

Når de skriv at mine tankar om å trekke inn andre deler av kommunen enn Søgne og Songdalen verkar leiande, så vert eg forbausa. Er det ikkje nettopp det ei folkerøysting skal vere? Spørsmålet er vel meir korleis føringa skal verke demokratisk leiande. Det er det berre eit breitt grunnlag som kan gi. Vi må klare å løfte blikket utover gamle kommunegrenser og respektere dei nye.

På grunnlag av dette avsluttar eg debatten i denne omgang.