Det veit vi kanskje ikkje ennå, fordi innstillinga til Stortinget frå Kommunal- og forvaltningskomiteen kjem 21.11.23, og den kan gjere ein endring på korleis folkerøystinga skal gjennomførast. Slik eg ser det, har dette spørsmålet vore politisk underkommunisert, og det regjeringa no gjer, er å umyndiggjere kommunestyret.

Vi er ein del som kunne sett denne saka avgjort, med ei tradisjonell forståing av kva eit lokaldemokrati er. Det skjer ikkje om forslaget til regjeringa går gjennom slik det står i dag. Det har skapt mykje unødig bråk lokalt at ei ny regjering, berre tre år etter kommunesamanslåing opnar for reversering av ein kommune som kan vise til at den fungerer svært godt, etter objektive vurderingskriterier, vurdert av Kommunal Rapport.

Vi ser i dag ytringar for å sverte noverande eller tidlegare kommunestruktur, ikkje minst med eksemplar frå eldre som bur midlertidig på sjukeheimar utanfor Søgne og Songdalen. Alternativet for dei ville vere å bu heime utan tilstrekkeleg hjelp. Sjølv om mitt påfølgande eksempel gjeld utanfor Kristiansand, er det relevant. Mor mi frå Bergen, fekk plass på ein sjukeheim, langt vekke frå sitt heimemiljø ein kort periode. Ho var fornøgd, og fekk etter ei tid plass nærare hennar nettverk. Alternativet den første tida ville vore å vere aleine i leiligheita, utan tilstrekkeleg fagleg hjelp og oppfølging.

Atle J. Fosse

Eg trur ein kan ha det ulikt, og ta det ulikt som eldre, av ulike grunnar. Til dels vert ein sosialisert til det, men det gjeld og situasjonar der nettverket er for dårleg, eller mangelfullt. Nokre eldre treng fagleg hjelp ein ikkje kan gi lokalt. Eg trur ikkje det ville vore vanskeleg å trekke fram saker før kommunesamanslåinga som var vanskeleg for pårørande, fordi ventetida var for lang etter sjukeheimsplass. Ein vil derfor måtte samarbeide uansett mellom kommunane om sjukeheimsplassar, ikkje minst fordi det blir stadig fleire eldre, og få kommunar vil klare løyse dette aleine.

Å skilje ut kommunen får store konsekvensar for både Søgne og Kristiansand. Eg håpar derfor Kommunal- og forvaltningskomiteen endrar forslaget om at ikkje heile Kristiansand kommune skal få seie si meining, og gjer om på måten folkerøystinga skal gjennomførast. Slik forslaget ligg føre no, kan regjeringa gjennomføre ei avgrensa høyring lokalt, og bestemme spørsmåla, kven som skal spørjast, og bestemme på kva premiss avgjerda skal vurderast. Dette betyr ein prosess som er mykje smalare enn den vi hadde i 2017, ved kommunesamanslåing. Stortinget vil ikkje berre endre spelereglane for lokaldemokratiet, men snevre det inn.

Slik forslaget ligg føre no, kan regjeringa gjennomføre ei avgrensa høyring lokalt, og bestemme spørsmåla, kven som skal spørjast, og bestemme på kva premiss avgjerda skal vurderast på.

Personleg forventar eg Kommunal- og forvaltningskomiteen vil gå inn for ei meir demokratisk rådgivande folkerøysting, enn 50,1 prosent for deling. I staden burde det vore stilt tre krav til folkerøystinga. Det eine er ei lokal folkerøysting i gjeldande samanslåtte gamle kommunar, med krav om 60 prosent oppslutning, og 60 prosent fleirtalssvar, for å telje som rådgivande. I tillegg ei kvalitetsvurdering av høyringa. Likeleis at heile Kristiansand også får seie si meining, gjennom ei meiningsmåling, og at dette også vert lagt til grunn for vurderinga.

Etter kommunereforma i 2017 (16.11.2017) vart det gjort ei evaluering av folkerøystingane frå 2016. Statsvitar Jan Erling Klausen vart intervjua av NRK i forbindelse med evalueringa. Han advarte mot ukritisk bruk av folkerøystingar. Evalueringsrapporten konkluderte med at 1/3 av folkerøystingane var udemokratiske.

Jan Erling Klausen understrekar i artikkelen at når politikarar har bestemt seg på førehand om kva dei vil, kan det lett skje feil i dei demokratiske prosessar. Dette kan ein unngå ved ei breidare høyring.

I Kristiansand burde ein heller sjå litt til mindretalet i Senterpartiet lokalt, som er mot deling, men samtidig ønsker gjere innflytelsen betre frå distrikta. Dette kan skje slik dei er i ferd med å prøve ut i Kristiansand med bydelsråd med frivilligheitsrepresentantar. Men det kan og vere andre måtar å gjere det på. Sett ned eit utval!

Winston Churchill sa det slik:

«Det beste argumentet mot demokratiet er ein fem minuttars samtale med gjennomsnittsvelgaren». Det er ikkje nok med ein overflatisk kaffiprat rundt eit politisk emne med folk. Og det vil alltid vere vanskelege situasjonar å handtere, som krev meir enn lettvinte løfte over ein kaffikopp. Ein må og spørje kvifor folk opplever som dei gjer, og korleis det kan bli annleis, først, ut frå den struktur vi har i dag. Det vi treng er derfor å styrke tillita til dei folkevalde. Det gjer ikkje regjeringa med sitt forslag. Det fører berre til auka misnøye.