Ein av leiarane i NRK fortalde med stort alvor at NRK skulle vere objektive, nøytrale og derfor måtte programleiaren fjerne dette korset. Godt med stort omsyn til våre medmenneske. Men Nrk sender programmer der leiarane bannar, gjere narr av Jesus og Gud. Ja, for det må kristne folk tolerere i det fri ordet sitt namn.

Les også: NRK-journalist ble bedt om ikke å bruke kors på TV

Her er det ikkje snakk om å støyte kjenslene til personar. Ironisk! NRK ser ikkje ironien i program dei sjølve lagar. I desse såkalla humorprogramma gjere dei narr av det meste med eit unnatak. Dei spøker aldri med profeten Muhammed eller Allah. For hadde dei gjort det, ville personane fått drapstruslar mot seg. Ironien i at ein kan harselere med kristne verdiar, men ikkje med profeten og Allah, har ikkje nådd NRK.

Og dei skjønar ikkje at ved å halde fram slik, undergrev dei seg sjølve. For dermed har dei sett ei klar grense for kva ein ikkje må gjere i Nrk: Gjere narr av noko som muslimar oppfattar som støytande for deira tru. På sin måte er NRK dermed med på å undergrave det frie ordet i Noreg. Eg oppmode NRK til å sløyfe bannskap i programma sine. Dersom dei ikkje vil gjere det, må programleiaren få lov til å bæret korset sitt i sendingane sine.