Sola skin og gradestokken er på veg oppover. Påska er over, og i dag sparkast norsk fotball endeleg i gang igjen. Forsvarar Molde fjorårets seriemeisterskap, eller kan Odd, Godset eller Rosenborg vippe romsdalingane ned frå trona?

Klarer Start å halde fokuset på det sportslege trass sine økonomiske problem? Og vil Mjøndalen, Sandefjord og Tromsø bite frå seg etter opprykket frå 1. divisjon i fjor?

SAMLESIDE: Alt fra Aftenposten Supporter

Dette er mitt forsøk på å tippe korleis tabellen i Tippeligaen ser ut etter 30 serierundar.

16. plass – Sandefjord.

Nøkkelspelar: Erik Mjelde.

Bohinen tok Sandefjord opp i Tippeligaen på fyrste forsøk etter ein imponerande sesong i ein ”utypisk” 3-5-2-formasjon. 20 av 30 kampar i 1. divisjon blei vunne, ni enda med poengdeling og berre éin kamp blei tapt.

Kirkevold skåra 19 seriemål i 2014, og no har blåtrøyene signert Mendy (16 mål) frå Kristiansund. Det kan vise seg å bli ein farleg spissduo. Risholt, Fevang og Mjelde vil høgst truleg ta tre av fem plassar i midtbaneleddet – ein trioen som står for mykje rutine. Forsvarsleddet med Larsen (tidl. Lyn, Tromsø og Hønefoss) Amankwah (tidl. Brann) og Gabrielsen har også erfaring frå høgste nivå.

Entusiasme, rutine og ein dyktig trenar kan vise seg å bli særs viktig for klubben frå kvalfangarbyen, men breidda i stallen talar imot. Eg trur blåtrøyene skal slite med å halde plassen.

15. plass — Mjøndalen.

Nøkkelspelar: Stian Aasmundsen.

2014 blei eit eventyr for Hansen og hans Mjøndalen. Kvalifiseringskampane mot Fredrikstad, Bærum og Brann blei vunne på imponerande vis, og klubben som spelte 3. divisjon i 2006 skal spele på øvste nivå i 2015. Kompisgjengen frå Mjøndalen er fortsatt den same sidan opprykket i november. Alle spelarane fekk tilbodet om å bli med opp i Tippeligaen, sjølv om ikkje alle er like godt rusta for det. Diop (Molde) og Nilsen (Sogndal) blir to nye ansikt på Mjøndalen Stadion denne sesongen, men det er ikkje to spelarar som vil tilføre laget noko som ikkje er der frå før.

Dei manglande forsterkingane i vinter gjer at Mjøndalen bør vere innstilt på ein kamp i botnstriden, men samstundes vil ein kome langt med same innsats som blei vist i kvalifiseringskampane i fjor haust.

14. plass – Stabæk.

Nøkkelspelar: Adama Diomande.

Bradley har gjort eit solid stykke arbeid med Stabæk sidan han tok over trenaransvaret i forkant av2014. Mange vil nok meine at fjorårets 9. plass var meir enn ein kunne forvente av ein tynn stall, men amerikanaren ser ut til å få maksimalt ut av kvar spelar.

Utskiftingane har vore store på Nadderud i vinter, og mange meiner nok at dei har vore for mykje gjennomtrekk av spelarar. Issah, Diomande, Asante og El Ghanassy har alle føresetnadar til å forsterke ein tynn tropp. Eg har uansett vanskeleg for å tru at tapet av Boli, Brustad, Hoseth, Jacobsen, Stephens og Høiland ikkje vil prege Stabæk i årets sesong.

Kanskje ein dristig spådom dersom ein tek Bradleys kompetanse i betraktning, men eg trur Bærumsklubben vil få ein tøff sesong. Eg plasserer dei på kvalifiseringsplass.

13. plass – Bodø/Glimt.

Nøkkelspelar: Papa Ndiaye.

Fjorårets comeback-sesong i Tippeligaen enda med 13. plass for Bodø/Glimt – seks poeng føre Brann som hamna på kvalifiseringsplass. Moe og Sørloth (Rosenborg), Furubotn (Sandnes Ulf) og Azemi (Follo) er alle blitt henta til Aspmyra i vinter. Laajab er reist til Kina og Berntsen si lånekontrakt gjekk ut etter fjoråret. Desse to var viktige bidragsytarar for Bodø/Glimt førre sesong, og tapet av dei fører til ein tøff sesong for klubben frå Nordland.

Bodø/Glimt satsar mykje på spelarar frå lokalområdet, og det er ein tanke som varmar kvart eit fotballhjarte. Stallen er litt tynn, og Ndiaye og Sané er spelarar som er interessante for norske og europeiske klubbar. Eit sal av desse er ikkje usannsynleg, og det vil gjere sesongen mykje tøffare. Eg trur uansett at Bodø/Glimt slepp unna kvalifiseringsplassen i år også.

12. plass – AAFK.

Nøkkelspelar: Henrik Bjørdal.

Aafk kom i fjor på 7. plass i Tippeligaen, men dei med oransje sympatiar var ikkje nøgde med resultat eller prestasjonar. I 2014 blei det til og med sett botnrekord i antall tilskodarar på Color Line Stadion sidan opninga i 2005 – og det i ein by som er kjend for sitt brennande fotballengasjement!

Phillips, Tollås, Arnefjord, Ulvestad og Karnass var alle viktige for fjorårets Aafk-lag, men dei har no funne seg nye arbeidsgivarar. Gretarsson, Thrandarson, Björk, Mantyla og Skagestad er henta inn som forsterkingar, men spørsmålet er om dei faktisk vil forsterke laget.

Aabrekk har litt av ei oppgåve føre seg denne sesongen, og med mange sentrale spelarar ut vil det ta tid for spelet for sett seg. Eg trur dei oransje vil slite på nedre halvdel av tabellen i årets Tippeliga.

11. plass – Start.

Nøkkelspelar: Kristoffer Ajer.

Førre sesong enda med 12. plass for Start etter 10-5-15 på 30 kampar. Heile 60 baklengsmål gav eit snitt på to per kamp – noko som er alt for mykje. Det defensive må skjerpast om det skal bli ei betre plassering på dei gule og svarte i 2015. Sørlandsklubben slit økonomisk og har kvitta seg med sentrale spelarar som Tripic, Asante, Acosta, Nouri og Andersen. Dei nye signeringane er ikkje kjend for alle og ein kvar, men Rindarøy og Hollingsen på lån frå Molde kan vise seg å vere bra for klubben og spelarane si utvikling. Ajer på midten vil få ei viktig rolle og mykje ansvar trass sin unge alder.

Mjelde og Start skal få problem med å forbetre fjorårets 12. plass, men svekkinga av Aafk og Stabæk gjer at eit hopp på tabellen er sannsynleg.

10. plass – Lillestrøm.

Nøkkelspelar: Marius Lundemo.

Trass økonomisk rot leverte Lillestrøm gode sportslege resultat i 2014, og kanarifuglane enda til slutt på ein høgst respektabel 5. plass. Dei økonomiske problema er ikkje over for dei gulkledde, men noko sal av nøkkelspelar Lundemo var ikkje aktuelt.

Vilhjálmsson og Margeirsson er henta frå islandsk fotball, medan Rexhepi har komt frå finske Honka. Mjelde, Vaagan Moen, Palmason, Udjus og Omoijuanfo har funne seg nye klubbar, og dei tre fyrstnemnte er eit stor tap. Fofana, Andersson og Lundemo tilfører midtbaneleddet kvalitet og kreativitet, Riise og Kippe står for rutine i det bakre leddet, og Knutzon og Vilhjálmsson skal skåre måla.

Ein ny sesong med økonomiske utfordringar og ein tynn tropp gjer at Kristinsson står ovanfor ei vanskeleg oppgåve i sin fyrste sesong som LSK-trenar. Islandsk mentalitet kan slå positivt ut, men 5. plassen frå førre sesong blir ikkje forbetra i år.

9. plass – Viking.

Nøkkelspelar: Yann-Erik De Lanley.

Viking har dei seinare åra skuffa sitt eige publikum og det norske folk. Resultata har vore svake og prestasjonane likeins. Det kan nesten verke som fotballen er utkonkurrert av is-hockey – for potensialet er stort i Stavanger. Fjorårets 9.plass var ein skuffelse, og det bør forbetrast i 2015. Mets, Abergbenro, Abdullahi, Calderón og Soares blir nye ansikt på Viking Stadion i år, men det er umogleg å vite heilt sikkert kva dei leverer reint sportsleg. Det blir uansett spanande å følgje med. Hoseth er ei særs god forsterking og tilfører ein kreativitet som har vore mangelvare i Viking over ei lengre periode. Signeringa av Bytyqi kan vippe begge vegar. Tapet av Ingason er stort, og Sigurdssons prestasjonar har falt med åra.

Viking har ikkje sett bra ut oppkøyringa, og trass det store potensialet trur eg Stavanger-klubben går nok ein tøff sesong i vente. Berisha og Bödvarsson må levere på topp dersom ambisjonen om øvre halvdel skal bli realitet, men det trur ikkje eg blir tilfelle. 9. plass er realistisk.

8. plass – Tromsø.

Nøkkelspelar: Zdenek Ondrásek.

Etter nedrykket i 2013 er Tromsø tilbake i det gode selskap i år. Nilsen tok ”Gutan” opp igjen i Tippeligaen etter 2. plassen bak Sandefjord i fjorårets 1. divisjon.

Koppinen, Nordby og Bendiksen er spelarar som har takka for seg sidan opprykkssesongen. Samstundes har Tromsø forsterka med Kongshavn, Ødegaard, Åsen, Landu Landu, Hansson og Heigre.

Åsen, Drage og Andersen skal stå for gode pasningar til oksen Ondrásek på topp.

Denne firkløveren blir særs viktig. Det blir, som alltid, vanskeleg å ta poeng på Alfheim denne sesongen, og eg trur Tromsø kjem til å gjere ein god comeback-sesong i Tippeligaen.

7. plass – Sarpsborg 08. Nøkkelspelar: Bojan Zajic.

Bakke, fjorårets Molde-assistent, tar teke over trenaransvaret frå Dean. Fjorårets midt-på-treet-plassering var eigentleg akkurat det ein kunne forvente av Sarpsborg, og det blir spanande å sjå om den sportslege framgangen klubben har synt sidan opprykket frå 1. divisjon fortsett med ny trenar.

Trondsen og Askar er kjende namn som er henta inn, og begge vil styrke Sarpsborg si startoppstilling. I er Kalludra, som har storspelt i 1. divisjon for Kristiansund, ny i Østfoldsklubben. Ojamaa er lånt inn frå Legia Warszawa, og det blir spanande å sjå kva han kan få til i Tippeligaen.

Eg trur det går mot nok ein sesong der Sarpsborg oppnår gode resultat på heimebane, men blir litt for små i kampen topp seks.

6. plass – Haugesund.

Nøkkelspelar: Christian Gytkjær.

Med 10-6-14 enda nesten halvparten av kampane med tap for Haugesund i 2014, og klubben, som tok medalje i 2013, var ”berre” sju poeng føre Brann på kvalifiseringsplass. No er trenarapparatet styrka med Dempsey og det er utvilsamt ein stor ressurs for FKH.

Christensen frå Nordsjælland er ny i den kvite trøya denne sesongen og bidra med sine offensive kvalitetar. Elles har Haugesund vore relativt anonyme på overgangsmarknaden i vinter. Gytkjær på topp blir ekstremt viktig på topp, medan Bamberg og Stølås er gode kantspelarar som også må levere varene. Kristiansen er ein habil Tippeliga-keeper og Cvetinovic må stå fram som bautaen i midtforsvaret.

Det skal lite til å forbetre fjorårets 11. plass, og signeringane Dempsey (trenar) og Christensen (off.midt/spiss) kan vise seg geniale. 2015 vil bli eit godt år for dei med Haugesund-hjarte, men medalje, som i 2013, blir det nok ikkje.

5. plass – Vålerenga.

Nøkkelspelar: Ghayas Zahid.

Etter store utskiftingar førte Rekdal Vålerenga til ein respektabel 6. plass i fjorårets Tippeliga, men ”bøndene” frå Lillestrøm kom plassen føre. I år er Kjartansson (25 mål) borte, men hovudstadsklubben har likevel trua på ein betre sesong i 2015. I vinter har det, nok ein gong, vore store utskiftingar på Valle. Tollås, Wæhler, Braaten og Brown er alle nye og vil vere tilnærma fast på blokka til Rekdal før kvar ein seriekamp. Blårud, Brændsrør, Kongshavn, Bjørsvik, Kjartansson, Høgh og Calvo har alle funne seg nye arbeidsgivarar. Lindkvist, Braaten, Zahid og Brown blir viktige offensivt.

Ambisjonen til Vålerenga er kamp om medalje, og med litt hell kan ambisjonen bli realitet for Oslo-klubben. Men Godset, Rosenborg, Odd og Molde ser sterkare ut i skrivande stund.

4. plass – Strømsgodset.

Nøkkelspelar: Iver Fossum.

Fjoråret enda med ein 4. plass for Drammens stoltheit, og Strømsgodset tek no fatt på sin fyrste heile sesong med Nielsen som trenar. Det blir også spanande å sjå korleis drammensarane klarer seg utan sitt 16 år gamle stjerneskot, men den danske trenaren trur Godset blir betre av det.

Fossum byrja allereie i fjor å vise sine gode ferdigheiter, men kom i skuggen av Ødegaard. I år er det 1996-modellen som skal slå ut i full blome og setje sitt preg på Tippeligaen. Bugge Pettersen er ei forsterking på keeperplassen. Adjei-Boateng er kome på lån frå Manchester City, og Vaagan Moen er henta frå Lillestrøm. Wikheim er eit år eldre og har sett bra ut i oppkøyringa.

Trass i sportsleg framgang er det fortsatt eit stykke igjen til Strømsgodset er på same nivå som medaljeutfordrarane Rosenborg, Odd og Molde. Eg ser 4. plass som det mest realistiske for drammensarane denne sesongen.

3. plass – Rosenborg.

Nøkkelspelar: Pål André Helland.

Etter at Ingebrigtsen tok over trenaransvaret på Lerkendal gjekk det ein veg for Rosenborg. Sesongavslutninga var så sterk at Odd blei forbigått i siste serierunde, og dermed enda 2014 med ein respektabel sølvmedalje. Når 4-3-3 er tilbake på Lerkendal aukar entusiasmen og engasjementet, og no snakkast det om seriegull i Trondheim.

Selnæs er eit år eldre og vil bli viktig sentralt på midten. Sentrale blir også Jensen og Midtsjå som indreløparar, og Helland har synt særs god form (fotball- og brytemessig) i vinter. Landslagskeeper Hansen er ei god signering samanlikna med tidlegare keeprar i klubben. Tapet av Diskerud er sjølvsagt merkbart, men elles er dei beste og viktigaste spelarane fortsatt med.

Forventningane i Trøndelag er alltid gull, og så spørs det om ”Bruttern” vil føre dei svarte og kvite til topps i årets Tippeliga. Eg trur det endar med medalje, men ser på Odd og Molde som hakket kvassare.

2. plass – Odd.

Nøkkelspelar: Jone Samuelsen.

Odd overraska mange med 3. plass i fjorårets Tippeliga. I tillegg tok dei seg til cupfinale, men var sjanselause mot Molde. Fagermo og klubben har bestemt seg for å satse på spelarar frå lokalsamfunnet, og har lukkast stort med spelarutvikling dei seinare åra.

Occean og Ruud er nye på Skagerak Arena i 2015, og begge er klassespelarar i norsk målestokk. Tapet av Krogsgård, Hansen og Shala vil sjølvsagt merkast, men erstattarane vil tilføre laget noko nytt. Rossbach tek over keeperansvaret, men det treng ikkje nødvendigvis å vere ei svekking.

Ruud, Hagen, Eriksen og Grøgaard utgjer eit solid forsvarsledd, Bentley kan trylle på kanten, og Occean kan fort skåre 10-15 mål. Fagermos menn har vore særs solide i oppkøyringa, og eg trur årets Odd lag held fram den sportslege framgangen dei har vist dei siste åra. Men Molde blir nok hakket betre i år også.

1. plass – Molde.

Nøkkelspelar: Harmeet Singh.

Det er ingen tvil om kven som har vore den beste klubben i Noreg dei siste sesongane. Skullerud førte Molde til serie- og cupgull i sin fyrste sesong som trenar, og no er forventningane skyhøge i rosenes by.

Semb Berge og Bendiksen vil begge setje sitt preg på årets Molde-lag, men den store konkurransen om plassane vil tvinge Skullerud til mykje rotasjon på laget. Forsvarsleddet er utan tvil det beste i Tippeligaen. Skadene på Gulbrandsen og Bakenga er sjølvsagt eit tap for romsdalingane, men Høiland, Svendsen og Kamara er alle gode spissar. Singh, Berg Hestad, Hussain, Hestad, Moström, Elyounoussi og nemnte Bendiksen utgjer den beste breidda på midtbaneposisjon i Tippeligaen.

Molde har utvilsamt den beste og breidaste stallen i norsk fotball, og noko anna enn seriegull vil eigentleg vere ein nedtur. Eg trur at Norges beste fotballtrenar fører dei blåkvite til nok eit seriemeisterskap.